Støtte til Festivalen Feminine Tripper

Kunstfestivalen Feminine Tripper, som finn stad i Oslo fram til søndag 25. mars, har vald å avstå frå å invitere israelske kunstnarar som har bedt om å få delta. Arrangørane har grunngitt avslaga med at dei ikkje vil bryte palestinarane sin boikott så lenge den israelske okkupasjonen av Palestina held fram. Arrangørane har meint godt og dei har synt moralsk ryggrad i ein særs tilspissa kulturkamp, der alternativet er å late som om at det ikkje går føre seg nokon okkupasjon og undertrykking av palestinske kunstnarar.

Me stør den modige haldninga til kunstnarane bak Feminine Tripper-festivalen og deira ynskje om å vere solidariske med palestinarane. Me meiner arrangørane fortener honnør for å søke å rette merksemda mot den undertrykkinga palestinske kunstnere vert utsett for grunna Israels okkupasjon og apartheid. Dei fortener ikke den massive kampanjen som no pågår for å stilne deira stemme. Organisasjonen «Med Israel for fred» (MIFF) har svara med å melde arrangørane til politiet og diskrimineringsnemnda. MIFF angrip med dette ein universell og lovfesta rett til fri ytring, som politisk kulturboikott, gjennom å kriminalisere kunstnarane bak festivalen.

Det er ikkje dei israelske kunstnarane som er ofre. Det er tusenvis av palestinske aktivistar innan kunst og kultur som er ramma av okkupasjonen med det som følger av grensestenging og vegsperringar, reisenekt og andre restriksjonar og straffetiltak. For dei palestinsk-israelske kunstnarane er stoda enda verre. Det er palestinarane si oppfordring som er grunnen til boikotten. Og det er okkupasjonen som er kjernen i den konflikten arrangørane har ytra seg om og tatt stilling til. No blir dei angripne av dei som ikkje vil ha noko av at vi støttar palestinske kunstnarar si oppmoding om boikott.

Det er rett å reagere med solidaritet overfor eit okkupert folk, og å støtte den forma for ikkjevald-motstand som palestinarane har vald.

AKULBI og Palestinakomiteen i Norge

24. mars 2018

Publisert: 24. mars 2018