Del 5 Informasjons- og pressearbeid

Arbeidsprogrammet 2014-16: Sette palestinernes sak på dagsorden i media. I tillegg til de dagsaktuelle spørsmålene skal vi prioritere de palestinske flyktningene og Norges forbindelser med Israel gjennom handel og våpenindustri.

Overlevering av krav til UD 10. juli 2014

Overlevering av krav til UD 10. juli 2014

Denne delen inneheld eit oversyn over kva ein bør ta omsyn til når ein skriv pressemeldingar, lesarbrev, notisar eller artiklar. Delen tek òg føre seg kva ein bør tenke på når ein ringer journalistar, held pressekonferansar eller blir intervjua i radio eller tv. Siste del omhandlar nettside og sosiale medie som nyhendekanalar, krisehandtering og tilhøvet til media i kampanjefasar.

Palestinakomiteen skal vere synleg i media og dermed påverke den politiske dagsorden. Organisasjonen får merksemd frå media når vi har redaksjonelt gode nyhendesaker. Utfordringa er å skape desse sakene og sørge for at vi når ut med dei. Difor kan det vere lurt å tenke igjennom informasjons- og pressearbeidet når laget ditt skipar til standsaksjon eller kjem med politiske utspel. Her kjem nokre framlegg til kva de kan gjere for å nå fram i media.

5.1. Media og Palestinakomiteen
Tradisjonelt sett har presse-Noreg eit konservativt syn på Midtausten-konflikten. I lang tid var det ei klar overvekt av medie som var Israel-venlege, men etter Israels mange aggressive krigar på Gazastripa, bygginga av dei ulovlege koloniane på Vestbredda og apartheidpolitikk, er sympatien til palestinarane veksande.

Riksmedia og lokalmedia

Trass i Israels mange brot på folkeretten og menneskerettane og ei veksande støtte til palestinarane, har Palestinakomiteen problem med å sleppe til i riksmedia. Difor er det viktig for organisasjonen at lokallaga og medlemane driv eit aktivt og godt pressearbeid retta inn mot lokale- og regionale aviser. Røynslene syner at det har vore heilt avgjerande for å få fram gode argument at laga tar lokalt ansvar for lokal- og regionalaviser. Sjølv om Palestinakomiteen kan gjere eit godt pressearbeid, vinn vi  ikkje opinionen utan aktivt profileringsarbeid frå laga.

5.2. Nyhendekriterie
Sultestreik i Bergen 17 april 2013Vi lagar pressemelding for å få fram synet vårt i ei sak og kanskje gi alternative innspel til kva som har kome fram i media tidlegare. Det kan vere nyttig før vi lagar eit presseutspel å sjå over kriteria for kvifor ei sak vert rekna som ei god nyhendesak. Det kan hjelpe å tenke gjennom desse før ein gjer utspelet.

Kriteria for ei god nyhendesak:

  • Oppsiktsvekkande (uventa, sjeldan, spesiell)
  • Vedgår lesaren
  • Aktuelt i tid
  • Lokal nærleik
  • Omfang og storleik (verdas største …)
  • Kva omfang har saka?
  • Konflikt (K-journalistikk: krangel, krig, klage, kaos, krise)
  • Menneskeleg appell (gjerne kjendisorientert)
  • Humor

5.3. Pressemelding
Ei pressemelding kan vere ein tekst som avisa eller radio/fjernsyn kan bruke til å lage eit oppslag om ei sak. Meldinga kan òg innehalde informasjon om ei sak eller ein publikasjon som laget ønskjer å få omtalt i pressa. Ei pressemelding skal innehalde den viktigaste informasjonen om saka. Det må kome fram tidleg kva som er hovudbodskapen. Gå rett på sak og få tydeleg fram det de vil ha sagt. Korte pressemeldingar er alltid betre enn lange. Ei kort pressemelding aukar sjansen for at ho blir lesen og brukt.

Ver raskt ute. Dersom de vil reagere, reager raskt. Når det har hendt noko som fortener ei pressemelding, minkar sjansen for å få sleppe til i media for kvar dag som går. Det som er nytt og spennande i dag, kan vere ganske uinteressant i morgon. Det er ganske vanleg at avisene trykker pressemeldingar ordrett. Dette kan du vere med å legge til rette for. Det er altså lurt å formulere pressemeldinga som om du var ein journalist. Bruk difor direktesitat frå leiaren i laget eller frå andre som er utpeikte til å gjere pressearbeidet. Medan du arbeider med pressemeldinga bør du sjekke om ho svarar på desse spørsmåla?

  • Kven?
  • Kva?
  • Kvar?
  • Når?
  • Kvifor?
  • Korleis?

Nederst i pressemeldinga må det stå namn og telefonnummer til leiar for laget eller kontaktperson for saka. Telefonnummeret må vere eit nummer der ein kan nå kontaktpersonen på dagtid. Pressemelding sender du på e-post til redaksjonane laget vil nå.

Av og til har ein ei særs viktig sak som du ønskjer at redaksjonen skal prioritere høgt. Da løner det seg å gjere eit meir pågåande pressearbeid. Etter at ein har sendt ei pressemelding frå seg, er det t d viktig å følge opp meldinga med å ringe til redaksjonen.

5.4. Anna pressekontakt

  • Lesarbrev – ordet fritt! Å skrive lesarbrev er ein særs viktig del av ein mediestrategi avdi lesarbrev til avisene er ein av dei mest effektive metodane for å nå ut til folk. For Palestinakomiteen er det difor viktig at mange folk over heile landet skriv lesarbrev til lokalavisene. Folk set pris på å få argument frå folk dei kjenner. Òg her gjeld ein del allmenngyldige krav. Skriv på eit klart og godt språk. Ikkje bruk framandord, men gjerne gode norske uttrykk. Skriv kortfatta. Lesarar legg ofte merke til kven som skriv under på eit lesarbrev. Skriv gjerne under med fleire namn og kva lokallag de kjem ifrå. Dette er ein måte å syne fram laget og Palestinakomiteen på. Bruk all kunnskapen som er i organisasjonen, anten du les medlemsbladet, studieheftet eller informasjon på nettsidene.
  • Kommentarar til aktuelle saker. Dessutan er det viktig å følge med i avisa. Står det noko om Palestina eller Israel eller anna som vi er opptatte av, er det ein bra ting å ringe avisa for å kommentere. Da er det viktig at ein må gjere det same dagen.
  • Notis. Dette er ein kort tekst som i hovudsak svarar på desse spørsmåla: Kven, kva, når og korleis. Notisstoff er godt lesestoff i avisene. Emne som elles ikkje høver i eit lesarbrev, men passar godt i ein notis, er kven som sit i lokallagsstyret; om de planlegg å starte opp studiering eller kalle inn til ope møte om Palestina etc. Teksten må ikkje vere for lang av di det er viktig å få han inn på sidene for småstoff. Mange lokalaviser har ei slik side med småstoff, nytt om folk i bygda og anna. Desse sidene er svært populære hos lesarane. Skriv gjerne under med eige namn og namnet på laget ditt.
  • Artikkel/reportasje. Ein artikkel er ein større tekst, gjerne forma som eit intervju med bilete, eller som ein reportasje der ein fortel kva som har skjedd på eit spesielt arrangement. I hovudsak er det journalistane som lagar artiklane. Det kan likevel vere mogleg at ein i laget skriv ein artikkel som lokalavisene tar inn. Som regel er det slik at aviser berre betaler for tekstar og bilete som er avtalt innleverte på førehand. Når ein skriv ein slik tekst, er det viktig å bruke same språklege verkemiddel som journalistane til vanleg brukar.
  • Ringe til journalistar
Ship to Gaza 2015

Ship to Gaza 2015

Det er viktig i etterkant av å ha sendt ut pressemelding å ringe til journalistane. Men av og til er det best å ikkje sende ut pressemelding, men heller ringe rett til enkeltjournalistar. Da er det nyttig å skrive opp kva slag moment ein ønskjer å seie på telefonen.

Fokus-metoden:

  •  å fortelle berre ei historie om gongen
  • å formulere saka/problemet i ei setning

Ringe rundt:

  • ring til lokalavisa
  • ring til lokalradioen/distriktsradioen
  • ring til regionsavisa
  • ring til Klassekampen, Vårt Land, Dag og Tid, Nationen, Dagsavisen, andre større aviser

Dei fleste av oss går ikkje rundt og kjenner alle moglege journalistar – om du gjer det; ring dei først. Om ikkje, må ein ta til på den vanlege måten. Når du les avisa, er det slik at du gjerne ser at det er nokre journalistar som gjerne skriv om Midtausten eller andre politiske saker. Spør etter denne journalisten og legg fram saka di. Noter deg namnet – kanskje det blir nyttig seinare.

Det er greit å ringe redaksjonen og seie at du gjerne vil tipse om ei sak. Legg fram saka di på ein lettfatteleg og god måte. Redaksjonane er heile tida ute etter nytt og godt stoff – og det kan vere di sak som fenger denne gongen.

Pressekonferanse

Av og til har Palestinakomiteen ei sak eller arrangement der det høver å ha pressekonferanse. Da må det anten vere slik at saka er veldig god og veldig viktig, eller at ein vurderer det slik at ein får meir blest om saka om ein inviterer til ein pressekonferanse.

Radio- og TV-intervju

Peter M-25 11 14 Siste nytt fra Vestbredden og GazaDet er ikkje berre avisene som er nyhendeleverandørar, òg radio og tv er viktig for å få fram bodskapen. Ingen er fødde til å vere på lufta med meiningar, dette er noko kvar enkelt må øve seg på. Når det er klart at du skal bli intervjua på radio eller tv, fokuser på innhaldet.

Kva er det du vil ha fram? Kva er det viktigaste for Palestinakomiteen? Kva er fakta i saka? Deretter er det viktig å finne ut mest mogleg om den intervjusituasjonen du skal inn i. Skal det vere fleire i studio? Kven skal intervjue deg, kva er hovudsaka for journalisten? Husk at innslag som vert sendt, ofte er veldig korte. Ver difor spissformulert og presis. Snakk tydeleg og langsamt. Bruk di eiga dialekt, og ikkje bann på lufta. På førehand kan det vere lurt å snakke med folk om intervjuet og òg sørge for at nokon høyrer eller ser innslaget og kan kommentere innsatsen etterpå.

Informasjon til eigne medlemmer

I alt strevet med å vere synleg og offensiv, er det lett å gløyme informasjon til eigne medlemar. Det er stas å få e-post eller nyheitsbrev frå lokallaget med siste nytt om kampanjer og aksjonar eller tilbod om å stå på stand eller bidra på andre måtar.

Palkom Bergen sender ut infohefte til medlemane som også kan bidra til fornying av kontingent. Her er heftet fra 2014: http://goo.gl/bisIi0

Lokallagets nettside og Facebookside

Nettside eller Facebook-side for eit lokallag kan vere ei kjelde for journalistar sjølv til å finne nyhende frå Palestinakomiteen. Nettsidene og bruk av sosiale medie er òg eit nyttig hjelpemiddel for å lette arbeidet for journalistane og for Palestinakomiteen.

Nettside

På Palestinakomiteens nettside har alle lokallaga eigne undersider (informasjonsside, sider for «Kommende» og «Tidligere aktiviteter»). Lokallaga blir oppmoda til å administrere desse undersidene sjølve avdi det er ein bra måte å informere medlemane og omverda kven lokallaget er og kva det jobbar med. Lokallaga kan også legge ut artiklar på nettsida, og gjere bruk av fotoarkiv.

Palestinakomiteen gir opplæring i publiseringsløysinga som er svært enkel og lettfatteleg (sjå del 6 «Veileder for bruk av www.palestinakomiteen.no»). For opplæring ta kontakt på sekretariat@palestinakomiteen.no eller ring Palestinakomiteen sentralt.

Facebook 

Før lokallaget opprettar eiga Facebook-side er det viktig at lokalalget tenker gjennom kva som er målet med å vere på Facebook.  Kvifor skal laget vere der og kva er målet? Er det medlemspleie? For å gi medlemane dine raske svar? Verve nye medlemar til Palestinakomiteen? Sjå kva som engasjerer medlemane og tilhengarane av sida? Dele kunnskap og informasjon? Hugs at det tar tid å bygge ein tilhengarskare og å få ei god side, så tenk langsiktig.

Les gjerne Veileder for opprettelse av Facebookside – Del 6 Viktige dokumenter og retningslinjer.

5.5. Nettdebattar
Innimellom er det debattar på nettet eller avisene har eigne spørsmål om Palestina eller Israel. Laget kan gjere seg synleg ved å stille spørsmål eller gi kommentarar i slike samanhengar.

5.6. Krisehandtering
Demo 11 juli 2014Den svært labile situasjonen i Palestina, gjer at det kan kome bråe skift over natta. I slike situasjonar bør ein samle folk til møte for å diskutere gode mottiltak frå laget. Informasjon og kunnskap frå Palestinakomiteen er svært viktig i slike fasar, og ofte essensielt å kunne kommunisere saman først. Avklar om dette er så viktig at det må aksjonerast med ein gong eller om ein har meir tid på planlegging. Kva er fakta i saka? Ring til journalisten og krev å kome på trykk. Eller ring Palestinakomiteen som kan bistå med fakta og namn på folk som kan la seg intervjue.

Les også Mobiliseringsplanen til Palestinakomiteen (vedlegg til Del 6 Viktige dokumenter og retningslinjer) som skisserer opp tiltak og ansvarsfordeling når konfliktsituasjonar som krig og liknande oppstår, og det må mobiliserast til demonstrasjoner på kort varsel.

Det er viktig å hugse på at vi har ikkje kan ha like stor lykke med alt pressearbeidet. Men vi kan trygt prøve oss igjen, sjølv om vi ikkje kom på lufta eller på trykk på første side.