Sveltestreikaren som vann fram

Sveltestreikaren som vann fram
1 stemmer

 10. juni vart den palestinske fotballspelaren Mahmoud Sarsak slept fri frå israelsk fangeskap. Prisen for fridomen var ein sveltestreik som varte i meir enn tre månader. – Sigeren delar eg med alle som støtta meg under sveltestreiken og fengselsopphaldet, seier Sarsak.

Artikkelen ble trykt i Klassekampen 23. juli 2012.

Tre år utan lov og dom

Under sveltestreiken utvikla det seg eit massivt internasjonalt press for å få han lauslaten, og 18. juni kom meldinga om at Israel hadde gått med på å sleppe han fri i bytte mot at sveltestreiken vart avslutta. Nokre dagar etter han vart lauslaten traff vi fotballspelaren i sin heim i Rafah på Gaza-stripa.

Kva skjedde den dagen du vart arrestert?

Sarsak med sin mor og Palestinakomiteens medlemsblad

– 22. juli 2009 hadde eg fått reiseløyve til å dra til Vestbreidda som ein del av ei fotballspelarutveksling. Då eg var på Erez-grensa vart eg avhøyrd av den israelske etterretninga. Så fekk eg brått beskjed om at eg var arrestert, utan noko grunngjeving. Den einaste grunnen eg kunne tenke meg var at eg var ein suksessfull fotballspeler; eg hadde spelt på det palestinske landslaget. Israel ønskjer ikkje at palestinarar skal ha hovudet høgt heva.

Verken Sarsek eller familien hans fekk vite kva han var tiltalt for, eller når han skulle få sleppe fri. Heller aldri vart han framstilt for noko domstol. Uvissheita var utåleleg for dei alle. Kvar sjette månad blei fengselsopphavet forlenga av dei israelske myndighetene. Over 300 palestinarar, mange av dei under mindreårige, sit i dag i israelsk fengsel under det same tilhøvet, kalla administrativ forvaring.

Uhaldbare tilhøve i fengsel

Det var dei uhaldbare tilhøva i fengselet og saknet etter familien og etter å spele fotball igjen som gjorde at han gjekk til steget med å byrje sveltestreiken.

Korleis var det i fengselet?

– Tida i fengsel er vond å tenke tilbake på. Eg levde innafor fire tronge veggar i 3 år, eg fikk aldri gå utandørs og det var ingen fotball eller fysisk aktivitet i fengselet. Medan eg var i fengsel fekk eg òg alvorlege problem med helsa, utan at eg fekk noko form for behandling. Dei behandla meg som eit tal, ikkje som eit menneske. Kvar dag drøymde eg om å høre stemmene til familien min. Først då ein kamerat klarte å smugle inn ein mobiltelefon i fengselscella, fekk eg kontakt med familien min. Etter eitt år fekk Røde Kors (IRCC) lov til å vidareformidla brev frå familien min, men berre ein gong kvar sjette månad. Når vi spurte om våre rettar og tenester vi hadde krav på, vart dei alltid avslått, og etterpå vart vi straffa: Vi vart gjerne plassert på ulike celler. For eksempel vart vi flytta til ei skitten celle som var full av insekt. I disse cellene fekk vi berre ha med oss t-skjorte, bukse og eit teppe. Det hende at vi fekk låne bøker eller ha hovudputer, men dette tok dei frå oss om dei mente vi ikkje hadde skikka oss. Fangevoktarane brukte òg svelting som straff mot oss. Til dømes fekk vi berre to måltid om dagen, og dei reduserte porsjonane eller at vi ikkje fekk noko mat på fleire dagar. Etter tre år med undertrykking var det ingen andre moglegheiter for meg: enten blir eg fri og ser familien min igjen eller døyr eg her og no i fengselet.

Fridomen har ein høg pris

Var det ei vanskelig avgjerd å gå til sveltestreik?

– Det var ei veldig vanskelig, men viktig avgjerd. Før eg byrja følte eg at det var eit stort hol inni meg. Då eg bestemte meg visste eg at det ville ta lang tid før Israel ga etter og ville forhandle om lauslating. Fridomen hadde ein pris som eg måtte betale. Eg tenkte at dersom røysta mi nådde Israel og omverda så skulle det samla presset vere nok til å frigjere meg.

Inspirert av medfangar

Kva inspirerte deg til å gå til sveltestreik?

– Tida i fengselet overtydde meg om at rettferda må vinne frem til slutt. Saman med dei andre fangane lærde eg om politikk og historie. Dei andre sveltestreikarane – Khader Adnan og Hana Al-Shalabi – var viktige inspirasjonskjelder for meg. Motstand handlar ikkje berre om væpna kamp, men kan føregå på mange område, òg gjennom sport. Vi palestinarar er alle fridomskjemparar, men ein kvar har sitt eige våpen. Gjennom sveltestreiken ville eg vise Israel sitt sanne andlet og fortelle om korleis vi vert behandla. Israel påstår at det er eit land for fridom og demokrati, men for oss palestinarar gjeld ikkje desse verdiane. Tanken på at eg kom til å bli fri og at eg ikkje var gløymd fekk meg til å halde ut sveltestreiken. På slutten held eg fast i livet og sveltestreiken ved å sette min lit til Gud. Då var eg nesten sikker på at eg at eg kom til å døy. Men det viste seg at verda brydde seg. Eg er veldig takksam for alle de som viste solidaritet med meg. Sigeren deler eg med dykk.

Sveltestreikane held fram

– Det er vondt å tenke på at tre av venane mine framleis sveltestreikar i israelsk fengsel: Akram Rikhawi, Samer Al-Barq, og Hassan al-Safadi. Situasjonen deira er kritisk. Eg føler eit personlig ansvar for å vidareformidle deira rop om hjelp til omverda på vegner av mine tidlegare medfangar og familiane deira. Eg vonar at også rettferda vinn fram for dei andre palestinske fangane, avsluttar Sarsak.

Tekst: Mee Bolann og Magne Hagesæter
Foto: Magne Hagesæter