Støtt den palestinske sveltestreiken!

Sveltestreik er den våpenlause sitt våpen. Det er den desperate handlinga frå den som ikkje har andre måtar å nå fram på enn i yste konsekvens å våge sitt eige liv for å bli høyrt. 

Tekst: Arne Apold

Det er ei aksjonsform som først og fremst kan skade den aksjonerande sjølv, og dei som står han eller henne nær. Ikkje andre.

Sidan 17. april har ein stad mellom 1000 og 1500 palestinske fangar i israelske fengsel vore i sveltestreik. Marwan Barghouti som står i spissen for streiken skriv i eit lesarbrev i New York Times same dag som streiken bryt ut om bakgrunnen for denne. Og om eigne møte med okkupanten sitt fengselsvesen.

Israel sitt svar på denne ytringa, smugla ut av fengselet har vore å flytte han til eit anna fengsel og å isolere han fullstendig. I dag sit han på ei celle som kanskje er 3 m2 les eg ein stad, utan mogleghet til kontakt med andre, utan tilgang til luftegarden. Israel har elles isolert størstedelen av dei som er i sveltestreik. Det dei måtte ha å fortelje skal ikkje verda utanfor få høyre.

Samstundes har høgreorienterte aktivistar svart på streiken med ein grillfest dei kalla Prisoners Barbeque utanfor eit fengsel med sveltestrikande. Slik viser dei oss menneskesynet sitt.

Bilete av Marwan Barghouti på den folkerettstridige muren Israel har bygget på Vestbreidda.

Farleg for okkupanten

I brevet offentleggjort i New York Times 17. april fortel Marwan Barghouti om då han, 18 år gamal, står naken framfor den israelske forhøyrsleiaren. Han har blitt tvungen til å spreie beina. Utan varsel sparkar forhøyrsleiaren han så hard i skrittet at han misser medvitet. Etterpå hånar forhøyrsleiaren han og seier at han aldri skal få ungar fordi folk som han berre vil fostre terroristar.

«Viljen til den som yter motstand må knekkast, livsgnisten må tas i frå han. Trua på at det nyttar må kvelast.»

Marwan Barghouti er farleg for den israelske okkupanten. Ikkje som følgje av militante aksjonar han måtte ha organisert, men fordi han er ein som kan samle palestinarar på tvers av partipolitiske skilje. Derfor må Israel angripe han, som dei angrip alle som vågar stå opp mot okkupanten. Okkupanten må lære den okkuperte at prisen for motstand er høg. Barghouti, og andre må knekkast. Viljen til den som yter motstand må knekkast, livsgnisten må tas i frå han. Trua på at det nyttar må kvelast.

Demonstrasjon til støtte for dei sveltestreikande palestinske fangene. Foto: Nasser Nasser/AP

Når eg skriv dette, og søkjer på nettet etter nytt om streiken, får eg opp at Barghouti skal ha blitt filma mens han et. Det er eit venta motangrep, om enn lite truverdig. Som det er som venta når eit israelsk regjeringsmedlem skriv i New York Times, som svar til Barghouti at streiken ikkje rettar seg mot Israel, men er ein del av ein  intern maktkamp mellom palestinarane.

Israel plasserer palestinske fangar frå dei okkuperte områda i fengsel innanfor Israel, i strid med internasjonal lov. Israel fengslar utan rettssak og dom, ved å halde folk i administrativ forvaring, i strid med internasjonal lov. Israel arresterer ungar nattetid, stripsar hendene deira, tar dei med til avhøyr utan at føresette får vere til stades – i strid med internasjonal lov. Israel nyttar tortur  – i strid med internasjonal lov. Alt med det eine for auga: Å knekke motstanden, knekke viljen til motstand, skremme ungar.

På ein plakat eg ser med bilde av Barghouti står orda Freedom and Dignety ved sida av ein tekst på  arabisk. Fridom og verdighetI innlegget sitt I New York Times skriv Barghoutis ein stad: «Our chains will be broken before we are, because it is human nature to heed the call for freedom regardless of the cost”

Viljen til fridom er sterk.

NB: Flere av Palestinakomiteens lokallag har aksjonert til støtte for de palestinske sultestreikerne. Palestinakomiteen Ringerike er et av lagene som har aksjonert, og HER kan du laste ned et bakgrunnsdokument de har skrevet om sultestreiken. 

Klikk HER for å se arbeidsutvalget i Palestinakomiteen utføre «the salt water challenge» til støtte for de palestinske fangene i sultestreik. 

(Red. anm.)

Publisert: 16. mai 2017