Av Magne Hagesæter, leiar av Palkom Bergen og prosjektarbeidar i Gaza
I Gaza by deltok to tusen i årets markering av den internasjonale Kvinnedagen 8. mars. Støtte til den sveltestreikande Hana Shalabi var eit av hovudbodskapa i markeringa.
Markeringa byrja ved “Unknown Soldier’s Square” der folk stilte seg opp med bannar, plakatar og ropte slagord. Fleirtalet av dei oppmøtte var damer, men mange menn hadde også tatt vegen til markeringa denne torsdags formiddagen. Mange av dei oppmøtte var mødre eller koner til palestinske fangar. General Union of Palestinian Women, Women Affairs Centre, og fleire andre organisasjonar var til stades.
Dei frammøtte krevde mellom anna lauslating av Hana Shalabi og slutt på den politiske splittinga mellom Hamas og Fatah. Mylderet av forskjellige organisasjonar og slagord gjekk etter kvart over i ein marsj mot kontora til Internasjonale Raude Kors, staden der ein kvar veke markerer støtte til dei palestinske fangane i israelske fengsel. Der gav fleire talarar si støtte til den 29-årige fangen Hana Shalabi frå Islamsk Jihad som sveltestreikar på 24. dagen i israelsk fengsel utan lov eller dom.