Dette lesarbrevet stod på trykk 29. januar 2015 i Stavanger Aftenblad
Vi undrar oss over svaret frå UiS den 21.11.14 på gjestekommentar av Jonas Iversen (SA 19.11.14). Iversen oppfordrar både Universitetet i Stavanger (UiS) og i Agder (UiA) om å bryte sitt samarbeid med israelske universitet somTechnion og Haifa av di desse universiteta er tett knytte til israelsk militærindustri og den ulovlege okkupasjonen av Palestina. Vi hadde venta oss eit minimum av refleksjon over eiga rolle og etikk knytt til samarbeidet. I staden seier UiS at dei ikkje driv med akademisk boikott. Men støttar dei i staden okkupasjon og brot på menneskerettane?
Universitetet i Stavanger har inngått ein samarbeidsavtale med det israelske universitetet Technion, eit samarbeid knytt til utvikling innan olje og gass. Israel har konflikt om grensene mot både Libanon og Gaza, og ei støtte til israelsk utvikling av olje- og gassfelt i området er svært kontroversielt. Techion deltar òg i å utvikle mange våpensystem, særlig droneteknologi, som vert brukt av israelske okkupasjonstyrker i angrep mot palestinarar, til dømes i åtaka på Gaza.
Å samarbeide med Technion universitetet er å samarbeide med israelsk militærindustri. Technion har eit sterkt samarbeid med Elbit Systems, eit selskap som det norske oljefondet frå 2009 ikkje har investert i fordi det står for brot på den internasjonale folkeretten. Selskapet leverer eit overvakingsystem som er sentralt i bygginga av muren på Vestbreidda. Etikkrådet til oljefondet sa i 2009 at ei investering i Elbit medfører en «uakseptabel risiko for å bidra til særlig grove brudd på grunnleggende etiske normer». Haag-domstolen har dømt muren som Israel har bygd på palestinsk område, som ulovleg. Det har sett uakseptable hindringar på rørslefridomen for befolkninga i det okkuperte området. Haag-domstolen har bedt statane som er partar i Genève-konvensjonene om å motverke dette.
Partane i denne konflikten er ikkje likeverdige, og Israel som den definitive sterke parten viser inga vilje til å følgje FN-resolusjonar. Internasjonalt er det mykje diskusjon og arbeid blant universitet og studentorganisasjonar når det gjeld å leggje press på Israel gjennom å ikkje samarbeide med israelske universitet og kulturinstitusjonar.
Nobelprisvinnar Desmond Tutu har sagt at: «… israelske universitet er ein nær del av det israelske regimet, etter eige val. Mens palestinarar vert hindra i tilgang til universitet og skular, så produserer israelske universitet forskinga, teknologien, argument og leiarar for å oppretthalde okkupasjonen».
Ein samarbeidsavtale mellom Universitetet i Stavanger og Technion kan bli oppfatta som ei støtte til bidraget Technion gjer til den ulovlige okkupasjonen av palestinske område. Underteikna håpar at dette ikkje er noko Universitetet i Stavanger vil stå for.
Ingrid Baltzersen, Palestinakomiteen
Ahmad Abu Nima, Islamskopplæringssenter
Geir Hansen, leder Rogaland distrikt av NKP
Jo Jenseg, LO Stat i Rogaland og LO Stavanger
Alice Nilsen og Randi Mobæk, Kvinnegruppa Ottar
Truls Drageset Dydland, Rødt
Kristoffer Sørensen, Rød Ungdom
Inge Vidar Lone, Rogaland Transportarbeiderforening
Torfinn Ingeborgrud, Miljøpartiet de Grønne
Paal Kloster, SV