Av Magne Hagesæter, leiar av Palestinakomiteen i Bergen og prosjektarbeidar i Gaza
Fredag kveld starta Israel eit bombeoffensiv mot Gaza-stripa, det største sidan «Operation Cast Lead». Bombene har slått ned med få avbrot. I byrjinga forsøkte vi å telje bombene men vi kom fort ut av tellinga.
Fleire gongar følte vi ristinga når bombene traff bakken. Gjennom nettene kunne vi høyre lyden frå dronene, dirrande over oss som store innsekt, akkompagnert av buldring frå bombenedslag. Her har dronene fått sitt eige namn: «Zanana». Arabisk for summing eller støy.
Laurdag morgon vakna vi til taktfast geværskyting. Vi trudde det var skotvekslingar men det var ein folkemasse som hadde henta martyrar frå Shifa-sjukehuset for å bære dei til moskeen. Motstandsfolk skaut i lufta og lova hemn over dei drepne. Dei vart avbrotne av nye bombeangrep i nærleiken.
Det har blitt allemannskunnskap her å identifisere lydane frå droner, F16 og Apache-hellikopter. Sjølv går eg meg vill i alle lydane. Fleire gongar trur eg lydar frå metall som blafrar i vinden på taket, eller ei dør som vert slamra igjen, er eit bombenedslag.
Fleire born var blant måla for bombene. I går vart Nayif Shaaban Qarmout (15 år) drepen i bombeangrepa. Dagen før vart Aamer Asaleyah (12 år) drepen på veg til skulen.
Det er uvirkelig å tenke på at bombene vi høyrer river vekk menneskeliv, lemlester og øydelegg heimane til folk. Ofra for det som er regelrette utanomrettslege likvidasjonar står utan noko moglegheit til å forsvare seg eller komme seg vekk. Eit av ofra for bombene hadde nettopp kome ut av fengsel, som ein del av fangeutvekslinga med den israelske soldaten Gilad Shalit. Han fekk berre fem månader utanfor murane før Israel bestemte seg for å drepe han.
«Vi er vande til det», er den vanlege responsen frå folk. Folk i Gaza er flinke til å vende tilbake til kvardagen. Sjølv innimellom bomberegnet. På søndag såg vi bryllupsfeiring: fløytande bilar fullasta med folk og høge trommer. For oss er det merkerlig at nokon kan feire medan byen er i krig. Men vi forstår at livet må gå vidare. Det er beundringsverdig at dei får det til.
Palestinakomiteen i Oslo arrangerer demonstrasjon fram for Israels ambassade torsdag 15. mars kl 17 – les meir her.
Hos Electronic Intifada kan du lese om propaganda og fakta bak dei siste Gaza-angrepa.
Publisert: 13. mars 2012