Bombinga av Gaza – sluttspelet til en apartheidstat

av Vidar Lehmann. Først publisert i Klassekampen 31. mai 2021. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdning.

Vidar Lehman

Så tidleg som i 1966 gjorde eg teneste eg som bataljoslege i FN sin fredsbevarande styrke i Gaza. Ralph Bunche, på den tida visegeneralsekretær i FN, og tildelt Nobels fredspris i 1950, var nokre dagar innlagd ved klinikken vår. 

Under rekonvalesensen gav han oss eit fyldest-gjerande samandrag av røynslene som mediator i konflikten mellom arabarar og jødar. Om palestinaflyktningane sa han mellom anna: «Desse menneska trur verkeleg at dei vil koma heim att». Kva ville han sagt i dag?

På ny stig det røyk og eld frå gettoen Gaza, der 2 millionar palestinarar har stranda i eit område på to tredje-deler av den sentrale laguna i Bikini-øygruppa. På ny hamrar skvadronar av kampfly ned på det overfylte samfunnet, som ikkje ein gong har tilfluktsrom. Dødstalet passerte 250. Av dei er om lag 60 born. Kor lenge skal omverda gong på gong snu det blinde auga til lidingane til dette undertrykte og forviste palestinske folket?

Området som til 1947 var Palestina er i dag folkesett av om lag like mange palestinarar som israelarar. Dei siste fekk alt då ein eigen stat, medan det store fleirtalet palestinarar  til denne dag har vore statslause flyktningar. Unntaket er eit mindretal med andreklasses stats-borgarskap i Israel.

Sidan 1967 har Israel okkupert brorparten av palestinarane sine område. På Vestbreidda og i Aust-Jerusalem  har dei ikkje berre teke store areal og jaga bort palestinarane, men systematisk busett områda med sine eigne innbyggjarar. Talet på dei er no om lag 700.000. Til overmål har Israel steg for steg legalisert desse flagrante brota på Internasjonal lov. Ved å handla slik har Israel sjølv skrive under på utnemninga til apartheidstat.

Som før ANC, leia av Mandela, gjev dette i samsvar med internasjonal lov heimel for væpna motstand. Dette inneber ikkje (eg understrekar ikkje)  at ein i alle høve bør bruke slik makt. Det er og skal vera siste utveg.

Sjølv om de juris-situasjonen kan samanliknast med fridomskampen til ANC, vert Hamas sin militære aktivitet av dei fleste vestlege politikarar kalla terrorisme. Ved først å provosera palestinarane med nye husutkastingar i Aust-Jerusalem og så svara på Hamas sine desperate mottiltak med eit nytt inferno over Gaza med dødsrate 20:1, vert derimot det siste kalla sjølvforsvar.

Dette er ikkje ein krig, det er eit nytt massivt overgrep mot ei marginalisert flyktninggruppe. Medan Noreg har boikotta nokre statar for brot på Folkeretten, til dømes apartheidstaten  Sør-Afrika, og meir nyleg Russland for å teke attende Krim, har Israel slept  unna alle slike tiltak. Tvert om har Noreg og Isreal nyleg skrive under ein omfattande samarbeids-avtale med Israel.

Stegvis og med fullt overlegg har Israel endra Vestbreidda til eit lappeteppe av settlar-samfunn som har gjort to-statsløysinga meir og meir ugjennomførleg. Alternativet er då anten ein egalitær ein-stat, eller at apartheidstaten Israel går inn i ei framtid der, av alle, berre to element er sikre. Det eine er drukninga av restane av ein human sivilisasjon i straumar av blod,  det andre er eit aukande trugsmål for eskalering til ei djup kataklysme. Utviklinga er no ved  eit punkt der noko anna må henda:  Lidingane og ufridomen til palestinarane må enda. Israel må få kjenna at tida som apartheidstat er omme.

Publisert: 1. juni 2021