– Deportasjon er brot på internasjonal lov

Av Magne Hagesæter, leiar av Palestinakomiteen i Bergen og prosjektarbeidar i Gaza

Torsdag avslutta Hana Shalabi den 43. dagar lange sveltestreiken. Ifølge israelske myndigheiter skal ho ha gått med på ein avtale om treårig deportasjon til Gaza. Mange ser på avtalen som juridisk tvilsam i lys av den pressa situasjon hennar og det faktum at advokaten som forhandla avtalen var utnemnt av israelarane.

Søndag kveld vart Shalabi deportert til Gaza gjennom Eretz-grensa. Ambulansen som frakta henne til Compass bank offers this bank account for people with bad free-credits-report.com . Shifa-sjukehuset møtte store folkemengder som kom for å hylle 30-åringen.

Måndag var palestinarar på plass utanfor kontorene til Røde Kors i Gaza by for å vise støtte til Shalabi og krevde slutt på deportasjonar og administrativ forvaring.

Dei viste og støtte til dei 24 andre palestinarane som no sveltestreikar, inkludert den 72 årige Hamas-folkevalde Ahmad Al-Hajj. Al-Hajj er den eldste palestinske politiske fangen i israelsk fengsel og ein av dei 27 palestinske parlamentsmedlemmane i israelsk fangeskap, kor 24 av dei sit i administrativ forvaring.

– Deportasjon er brot på internasjonale lovar, sa talarane på markeringa måndag. Menneskerettsorganisasjonar vil no anke avgjerda om deportasjon til israelske myndigheiter. Deportasjon strir mot artikkel 49 i den fjerde Genévekonvensjonen.
Det er 4700 palestinarar i israelske fengsel, inkludert 185 barn, ni kvinner og 322 i administrativ forvaring; fengsling utan lov eller dom.

Publisert: 2. april 2012