Demonstrasjon mot «Greater Stavanger»

30. mai hadde Palkom Stavanger to markeringar mot Israel-seminaret til Greater Stavanger. Først utafor Måltidets Hus, der det var eit seminar; i utgangspunktet for å knytte den israelske delegasjonen saman med lokalt oljenæringsliv. Vi så ikkje oljefolk, men eit 20-tals deltakarar; MIFF var der, enkelte lokalpolitikarar, det norsk-israelske handelskammer, delegasjonen sjølsagt, og eit temmelig defensivt vertskap. Me hadde med oss eit palestinsk flagg, og delte ut informasjonsmateriale om vårt syn på dette samrøret, og om Israel sine forsøk på å tilrane seg gassressursane utafor Gaza. Eindel tok imot, men dei fleste hadde nok «tenkt dei tankar dei hadde tenkt å tenke».

Klokka 19.00 arrangerte kommunen, ved varaordførar fra KrF Bjørg Tysdal Moe, middag for delegasjonen på stashotellet Atlantic. Me stilte opp utafor med flagg, plakatar (dvs., dei fleste plakatane blei stjålne før me kom så langt, av ukjent gjerningsmann) og løpesedlar. I alle fall ei avis (RA) var der; allerede tidleg på dagen la dei ut ein artikkel om våre planlagte aktivitetar på nettsida. I det heile, ei god markering.