Av Dag Lothe; tidlegare solidaritetsarbeidar for Palestinakomiteen
Vinteren i Palestina er på veg; bleik sol nokre dagar som berre får temperaturen opp i 8-10 grader midt på dagen og av og til ”bikkjekaldt” med bitande vind og klar-ver både dag og natt. Andre dagar tjukk skodde, regn, vind og litt stigande temperatur. Ein og annan gong om morgonen kan eg sjå litt rim på bakken, men den forsvinn fort. Stort sett kvar morgon går eg utanfor huset med feiekost for å få vekk lauva som fell. Men før sola ”får litt tak” er det godt å sitja inne ved stråleomnen. Mange er sjuke på denne tida i Palestina: hoste og feber. Sjølv har eg vore litt snufsete sidan eg kom hit for vel tre veker sidan. Far til kontaktpersonen min, vegg i vegg der eg bur, er visstnok flink med å laga medisin av urter. Kanskje skal eg prøva medisinen hans i løpet av vinteren?
Dagleglivet går sin vande gong. Det første eg gjer før eg står skikkeleg opp, er å slå på omnen på rommet, legge meg litt til under dyna til det er litt varme i rommet. Gå på ”badet” og få litt kaldt vatn i tr…, fyre opp gassblussen for å få meg te og varme pita-brød. Brødet varmar eg i ei steikjepanne. Elles er det (som vanleg) syltetøy, oppskåren banan, varm te, tunfisk i olje m.m. Eg er blitt vand med dette no, og det er steikjande godt…..heilt til eg kjem heim ein gong utpå nyåret.
Handlar gjer eg ofte i ein liten butikk 200 meter frå der eg bur; like stor som eit vanleg norsk kjøken. Den er open frå halvsju-tida om morgonen til 8-9 om kvelden og har eit heilt basalt utval av daglegvarer.
Om dagane dreg me ofte på tur med bilen vår til ein barnehage for å prata med dei tilsette, eller stikk innom ein ven og får te og/eller kaffe og snakkar om daglege ting. Vitjar ein av nabobyane for å sjå på raseringa av oliventre eller verknader av ”the apartheid wall”, eller berre for å snakka med folk.
På denne tida vert det mykje snakk om fyringsved til vinteren. Omnen står som oftast midt i rommet med eit enkelt røyr som går et par meter opp og så horisontalt ut i veggen eller gjennom eit knust glas. Den er delt i tre: nedre delen er rom for fyring, den midtre delen til baking, og øvst til å varma vatn. Det vert litt røyk i rommet når omnsdøra er open, men den er lite sjenerande sidan det er høgt under taket.(Bilete 006A):Kvinnene og borna sit ofte tett inntil omnen på kalde kveldar.Av mangel på tre i området kjøper dei fleste ved for 800 shekel (1200 kr) pr 1000 kg. Det er om lag ei månadsløn. Det klarer dei seg stort sett med gjennom vinteren. Og så sper dei på med små-ved som ligg rundt huset og på jordet dei eig.
Israel har diverre omfattande kontroll over Palestina; ein ballong som heng 200-300 meter over bakken med kamera som ser det meste, nattlege arrestasjonar, små ”stikkprøver” frå settlarar i å okkupera hus, ofte stengde vegar og ”mobile” sjekkpunkt, ambulansar på veg til sjukehuset i Hebron som ofte vert stogga på sjekkpunkt og kontrollerte, og tåregass mot steinkastande ungdommar. I dag (12. des.) skal nokre av oss til Ramallah for vitja familien til Mostafa Tamimi som døydde av skadene han fekk etter å ha blitt truffe av ein tåregassgranat frå dei israelske styrkene.
Som kjend samlar Israel på vegne av Palestina inn skattar og avgifter på Vestbreidda. Grunna søknaden frå dei Palestinske Sjølvstyresmaktene og avgjerda om å bli medlem i UNESCO, held Israel tilbake 600 mill dollar i skattar/avgifter. Pengar som palestinarane så sårt treng. Det er svært vanskeleg å forstå at ikkje verdsamfunnet ser dette, og gjer noko. Både vedlikehald, drift og løn til statlege tilsette får merka dette dagleg på Vestbreidda. Med ei årsløn som har vorte redusert til 15 000 shekel i året ( 23 000 kr) og ei arbeidsløyse på 60%, (nokre seier opp mot 70%) seier det seg sjølv at det er ikkje mykje rom for anna enn daglege ting.
Byen der eg bur har 15 000 innbyggjarar. Av dei er det i dag 800 personar som sit i fengsel. Av desse er 115 under 18 år. Berre sist månad har 25 blitt arrestert og fengsla. Løysepengar for å bli satt fri ligg mellom kr 10 000 – kr 20 000. Det tilsvarar i snitt ei vanleg årsløn. Og ”satsane” er stigane. Innsamling av pengar frå ”Palestine Solidarity Project” og andre er ofte einaste utveg for at den fengsla skal bli satt fri for t.d. å kunne fortsetja på skule/universitet.
Palestinarane får ikkje selja varene sine utanfor Vestbreidda, og dei vert ofte fråteken retten til å arbeida på heile eller delar av si eiga jord. Og når i tillegg eit frukt- og grønsaksmarknad er stengd av israelarane, vert sjølvsagt situasjonen vanskeleg. Det er ikkje rart at palestinarar vert vonbrotne, frusterte og oppgitte.
Alle dei eg treff lyser opp når eg har tid til å snakka med dei. Dei set svært stor pris på å få kontakt med utlendingar, høyre at me bryr oss om situasjonen deira og fortelja litt heimanfrå.
Det er vanskeleg å setja ord på kor venlege, hjelpsame og rause palestinarane er. Eg vert ofte invitert heim til vener og kjende. Med ein gong kjem te`en på bordet, kjeks, brus og gjerne sjokolade. Er det tid for mat, vert eg sjølvsagt beden om å ta del i måltidet. Mat som er att på bordet skal brukast neste dag, så det er viktig å hugsa på å ikkje eta for mykje. (ikkje lett for meg som er så glad i mat). For tida trur eg at eg er invitert til 2-3 middagar. Planleggjinga av kven me skal gå til tek min ”overordna” seg av. (Bilete 044A):
Fødselskyrkja i Betlehem ein sein kveldstime…På plassen utanfor Fødselskyrkja i Betlehem er det eit yrande liv: kafear, salsboder og butikkar. På begge sidet av kyrkja kjem det opp gater. I dei ligg det fleire palestinske og israelske butikkar. Oppkøyringa til den ”palestinske” gata er stengd. Reiseselskap med sine bussar fulle av turistar køyrer opp på den andre sida av kyrkja og slepp turistar rett inn i israelske souvenir- og andre butikkar. Spør du meg, virkar det godt planlagd.
Palestinarane feirar ikkje jul. Likevel er Betlehem ein samlingsstad for mange palestinarar rundt juletider. Mellom 24. 12.- 9. januar treff dei mange kjende i Betlehem får fleire stader i Aust-Europa og Mellom-Austen, og frå ulike kyrkjer og trussamfunn. Ein fest som mange palestinarar deltek i.
Julekvelden i på Vestbreidda skal eg vera saman med omlag 20 palestinarar og frivillige frå Norge, England og USA. Det vert heilt sikkert ei flott stund med mykje god mat. Skal setja av litt tid for meg sjølv for å opna dei 3 pakkane eg har med meg heimanfrå. Dei skal opnast i fred og ro; med te-lys, ei grøn grein som eg skal finna og ta inn, truleg ein sigar,…..og ein kopp god og varm te. Skal bli ein minnerik time! Seinare på kvelden skal eg snakka med familien på ”Skype”. Dei er samla på ”Steinsbe” hjå Jan Ove. Den kvelden vil eg nok sakna kona, borna og dei andre i familien, men kanskje mest 2 år gamle Aleksander. Han er nå godguten då…inntil eg får enno ein godgut eller godjente!
Eg ser fram til vidare opphald i Palestina!
GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!
Helsing Dag Lothe Palestina
Publisert: 5. februar 2012