Aksjonsdag for dei palestinske fangane

Den 17. april er det Internasjonal aksjonsdag for dei palestinske fangane – les meir her: http://palestinianprisoners.org/palestinian-prisoners-day/ 

Palestinakomiteen har slutta seg til denne kampanjen, og oppmodar lokallaga om å gjere det same. Palestinakomiteen har i fleire saker engasjert seg i situasjonen for de palestinske fangar, og har også fått fått svar frå UD – sjå vedlegg. Palestinakomiteen har også bedt om møte med UD om denne og andre saker, og har fått melding om at det vil bli ordna (dato er førebels ukjend).

Vi sender denne oppmodinga til lokallaga i fall de finn ut at det er mogleg å få til møte, aksjon eller markering i høve «A day of International Action» den 17. april. De kan også slutte dykk til kampanjen ved å signere på nettsida til kampanjen (sjå adresse over).

Vedlegg:

Appell til Stortingets utenriks- og forsvarskomite om fire palestinske parlamentarikere i asyl

Svar fra UD om palestinsk parlamentarikere

Til UD om sultestreik blant palestinske fanger i israelsk fangenskap

Til UD om frigivelse av Khader Adnan – opphev den administrative forvaringen

Svar frå UD om palestinske fangar