Medlemsmøte Bergen onsdag 21.11. klokka 18:00 – planlegging av vidare aktivitet i høve Gaza

Bombinga av Gaza held fram. Gårsdagen var så langt det værste døgnet med 31 drepne. Til saman er 80 palestinarar drepne sidan Israels angrep byrja sist onsdag. Dessverre blir det nødvendig med fleire markeringar og aktiviteter framover. Vi inviterer til medlemsmøte førstkommande onsdag (21/11) klokka 18:00 for å planlegge kva vi skal gjere vidare i lys av Israels pågåande bombing av Gaza: nye markeringar, stands, pengeinnsamling, boikottaksjonar, lesarinnlegg i aviser, aktivisme på nett er moglege aktivitetar vi skal diskutere. Kom gjerne med innspel på kva vi kan gjere og evt kva du kan bidra med.

Møtet blir på rådhuset, rom 224 i 2. etg. (kart)

Sakliste:

1) Kort oppsummering av demonstrasjonen 17.11.

2) Israels angrep mot Gaza: Kva gjer vi vidare?

3) 29. november er FNs internasjonale solidaritetsdag for det palestinske folk. Vi har planlagt eit møte om boka Cliff Hotel og vurderer eit fakkeltog som dette.

Håper folk kan komme sjølv om det er kort varsel. Om du ikkje kan vere med på onsdag, men lyst til å bidra, send epost til bergen(at)palestinakomiteen.no