Ope møte: Situasjonen for beduinane i Palestina

Onsdag den 18. oktober kan du møte Eid Khamis Swellem Jahalin på Bø prestegard, der han saman med israelske Angela Godfrey-Goldstein vil fortelja om situasjonen for beduinane i Palestina.

Dei to representerer organisasjonen Jahalin Solidarity, som arbeider i solidaritet med palestinske beduin-samfunn, særlig Jahalin-beduinane som held til utanfor Jerusalem, og beduinsamfunn i område C på Vestbreidda.
Jahalin består av rundt 7000 beduiner, som alle har flyktingstatus ifølgje FN. Dei er utsette for stadige tvangsflyttingar og husøydeleggingar, eller lever under overhengande fare for å oppleva dette. Desse samfunna har tradisjonelt levd av saue- og geitehald, men stadig mindre tilgang til beitejområde gjer at livsgrunnlaget skrumpar inn.

Det vil bli vist film, tid til samtale og servering av mat frå Midt-Austen.

Inngang kr. 100, som går til Jahalin Solidarity