Hana Shalabi sveltestreikar på 34. dagen i israelsk fengsel og situasjonen hennar er kritisk. På Gaza er det daglege demonstrasjonar til støtte for henne.
Av Magne Hagesæter, leiar av Palestinakomiteen i Bergen og prosjektarbeidar i Gaza
Sidan dagen Shalabi vart arrestert den 16. februar har ho nekta å ta inn noko anna enn vatn. Ho sit i såkalla administrativ forvaring, det vil sei fengsling utan lov eller dom på ubestemt tid. Kvar fjerde månad kan soninga forlenga utan at bevis treng å føreligge. Israel har over 300 palestinarar i administrativ forvaring i dag, inkludert 24 parlamentsmedlemmar, seks born og seks kvinner.
Shalabi sat tidlegare to år i israelsk fengsel og vart lauslaten som ein del av fangeutvekslingsavtalen mellom Hamas og Israel i oktober i fjor.
Før ho sveltestreika Khader Adnan i 66 dagar (like mange dagar som Bobby Sands) før israelarane gjekk med på å ikkje fornye soninga etter fire månader. Hana Shalabi har frå første dag sagt at ho Hos LeoVegas er denne bonusen pa hele 20 free spins pa Starburst – en av de heteste spilleautomat ene i universet pr. ikkje går med på noko anna full lauslating.
Dei siste dagane har det kome opplysningar om at Shalabi har falt inn og ut av koma og at situasjonen hennar er kritisk.
– Hana Shalabi er utslitt og ho treng verdas støtte, gjentok fleire av talarane på demonstrasjonen måndag. Ein annan peikte på at Shalabi ikkje får lov til å møte advokaten sin. Talarane ba det internasjonale samfunnet om å presse Israel til å lauslate Shalabi og stoppe den ulovlige fengselspraksisen som er i strid med internasjonal lov. Ein tidlegare medfange til Shalabi snakka om forholda i dei israelske fengsla. Sjølv fødde ho ein son i fengsel i løpet av hennar to og eit halvt år-lange opphald.
Kvar dag er det nye demonstrasjonar utanfor Røde Kors-bygningen i Gaza by til støtte for Shalabi og andre politiske fangar. Alle politiske fraksjonar i Gaza sluttar opp om demonstrasjonane.
Video om Hana Shalabi:
Støtt Shalabi på Facebook: https://www.facebook.com/events/377676185583616/
Les meir om Hana Shalabi: http://www.addameer.org/etemplate.php?id=161
Les meir om administrativ forvaring: http://www.addameer.org/etemplate.php?id=342