Landdagen i Gaza

Av Magne Hagesæter, leiar av Palestinakomiteen i Bergen og prosjektarbeidar i Gaza

I Gaza, som på Vestbreidda, i Jordan og Libanon gjekk tusenvis av palestinarar til gatene for å markere den Globale marsjen til Jerusalem på den palestinske landdagen 30. mars.

Fleire titals tusen menneske møtte opp i Beit Hanoun på Gaza-stripa, rett sør for Eretz-grensa. Palestinske flagg veiva i lufta og mange hadde med seg innramma bilete av klippemoskeen i Jerusalem. Åtte nasjonalitetar var representerte, inkludert delegasjonar frå Irland og Indonesia. Kristne og muslimske speidarlag sto oppstilte for å vise støtte til arrangementet.

Regjeringsmedlemmar, tidlegare politiske fangar og andre høgstståande politikarar talte for palestinarane som hadde tatt vegen denne fredags formiddagen.

Politiet forsøkte å stanse dei som ville gå til Eretz-grensa, men mange ungdommar var utålmodige og somme klarte likevel å komme seg forbi.

Ein av dei, 20 år gamle Mahmoud Zakot, vart skoten og drepen på grensa av israelske soldatar. 31 andre vart skada, for tre av dei var skadane alvorleg.

Publisert: 2. april 2012