Nye bombeangrep i Gaza

Av Magne Hagesæter, leiar av Palestinakomiteen i Bergen og prosjektarbeidar i Gaza

Natt til onsdag braut Israel den nylig inngåtte våpenkvila og bomba eit område nord i Gaza by. I tre-tida på natta slo ei bombe frå ei drone ned rett ved ein trevarefabrikk. Fabrikken tok umiddelbart fyr og brann opp i løpet av natta eit par timar. Dei tre nabohusa vart totalskada av brannen. Familiane vart heldigvis evakuert raskt nok til å komme uskadd frå angrepet.

 

31 skadde i Jabalia etter bombeangrep mondag

Natt til mondag gjekk eit israelske F16-fly til angrep i Jabalia flyktningleir, nord for Gaza by. Alle dei 31 som budde i huset, inkludert 21 born, vart skadde og ligg framleis på sjukehuset. Huset med 4. etg raste saman. Tre nabohus vart også øydelagt. Vindauga til 20 andre hus i nærleiken vart blåste ut ved bombenedslaget.

Publisert: 15. mars 2012