Av Mass Soldal Lund, nestleiar i Palestinakomiteen
Oljefondet, eller Statens pensjonsfond – Utland som det eigentleg heiter, er eit av verdas største investeringsfond. Norges Bank offentleggjer kvart år kva investeringar Oljefondet hadde ved årsskriftet. Oversikta som vart offenleggjort i mars 2011 viste at Oljefondet pr. 31. desember 2010 hadde investert 4,8 mrd kr i aksjar i tilsaman 55 israelske selskap og 514 mill kr i obligasjonar i den israelske staten og det statseigde Israel Electric Corporation (IEC). (Obligasjonar er ein type lån; dvs. at Oljefondet har gjevi lån til den etisraelske staten og dette selskapet.)
Oljefondets investeringar i Israel har auka kraftig dei siste åra, frå under ein milliard kroner i 2006 til rundt fem milliardar i 2010, og det er serleg aksjeinvesteringane i israelske selskap som har auka. Denne auka har to årsaker. Den fyrste årsaka er sjølvsagt at Oljefondet veks og dimed har meir pengar som skal verte investerte rundt om kring i verda. Den andre, og viktigaste årsaka, er at Israel frå 2008 gjekk inn i referanseporteføljen til Oljefondet. Det vil seie at Israel er eit land Oljefondet ønskjer å investere ein viss del av pengane i, og dei siste åra har rundt 0,2 % av aksjeinvesteringane til Oljefondet vore investert i israelske selskap.
Oljefondet har eit sett med etiske retningsliner og eit etikkråd som vurderer investeringar i einskildselskap basert desse retningslinene. Dei etiske retningslinene er fastsett av Finansdepartementet og har samrøystes tilslutning i Stortinget, med nokre atterhald frå Framstegspartiet. Føremålet med retningslinene er å utelukke selskap frå investeringar frå Oljefondet dersom dei har ein produksjon eller verksemd som gjev ein uakseptable høg risiko for at Oljefondet bidreg til ”grovt uetisk aktivitet”.
Etikkrådet kjem med tilrådingar basert på retningslinene, men det er Finansdepartementet som, etter ei sjølvstendig vurdering, avgjer om Oljefondet skal trekkje seg ut av eit selskap. I tillegg kan Oljefondet gjere såkalla negativ filtrering av selskap på grunnlag av produkta deira. Det vil seie at alle produsentar av visse typar produkt er utestengt. Det gjeld visse typar ”inhumane” våpen (klasevåpen, atomvåpen og antipersonellminer), og frå 2009 også for tobakk.
Etikkrådet har handsama fire saker relatert til Israel: Caterpillar, Israel Electric Corporation (IEC), Elbit Systems og Africa Israel Investments inkludert datterselskapet Danya Cebus. I tillegg informerte Etikkrådet i 2006 om at dei såg det som lite sannsynleg at dei tre israelske selskapa Oljefondet var investert i på det tidspunktet, Bank Hapoalim, Emblaze og Teva Pharmaceutical Industries var involvert i normbrudd og difor ikkje gjorde noka nærare vurdringar av dei.
Caterpillar sel pansra bulldosarar til den israelske hæren som dei nyttar til å rive palestinske hus, øydelegge jordbruksland og rydde veg for den folkerettsstridige muren på Vestbreidda. Desse bulldosarane er eit våpen Israel nyttar mot palestinarane og spesielt i anneksjonen av palestinsk land. Mellomkirkelig råd for Den norske kirke bad i 2006 Etikkrådet vurdere utestenging av Caterpillar på bakgrunn av bidrag til menneskerettsbrot i Palestina. Sjølv om Etikkrådet ikkje trakk i tvil fakta eller at bulldosarane leverte av Catepillar vert brukt til menneskerettsbrot ville dei ikkje tilrå utstenging. Grunngjevinga var at dette ikkje er ”inhumane” våpen og at dei også har ”legitime anvendelser”. Måten og kva våpna vert brukt til er altså ikkje relevant, så lenge det finst måtar å nytte dei på ikkje vert rekna som ulovlege eller menneskerettsbrot.
Ei anna side ved Oljefondets investeringar i Caterpillar (som ikkje har noko med Etikkrådet å gjere) er òg verdt å nemne. Ei gruppe aktivitstar som eig aksjar i Caterpilllar har fleire gonger fremja forslag på generalforsamlinga om at det skal verte utarbeidd ein rapport om våpensala Caterpillar gjer. Dette har vorte stemt ned kvar gong, og i 2008 og 2009 var Oljefondet med på å stemme ned forslaget.
Israel Electric Corporation (IEC) er leverandør av elektisitet i heile Israel og dei okkuperte palestinske områda, og er eigd 99,9% av den israelske staten. Dette er eit selskap der Oljefondet ikkje eig aksjar, men derimot eig obligasjonar for 284 mill kr (i 2010). SNs Office for the Coordination of Human Affairs (OCHA) skreiv i ein rapport frå feburar 2008 at IEC reduserte straumforsyninga til Gaza på instruksjon frå det isralske forsvardepartementet, som eit svar på rakettangrep. Dette kan ein sjå på som ei form for kollektiv avstraffing, og Etikkrådet vurderte samme året om det gav grunn til uttrekk. Dei utelukka då ikkje at reduksjon i straumforsyninga kan vere grunn for uttrekk, men tilrådde det likevel ikkje. Grunngjevinga var at reduksjonen var avslutta på tidspunktet vurderinga vart gjort og at det var uklart om det var ein ”uakseptable risiko” for gjentaking, medan hendingar som ligg i fortida ikkje skal vere grunnlag for uttrekk. Det er likevel vert å merke seg at Etikkrådet såg det som underordna at IEC opererte på instruks frå israelske myndigheiter. Etikkrådet gjorde ei ny vurdering av IEC etter at det i januar 2009 kom meldingar om reduksjon i straumforsyninga i samband med åtaket på Gaza. Dei vurderte då at reduksjonen ikkje var utført av IEC som ein sanksjon, men var eit resultat av øydeleggingar frå krigføringa, og at det difor ikkje var grunn til uttrekk.
Oljefondet trakk seg ut av Elbit Systems sumaren 2009 etter tilråding frå Etikkrådet. Elbit Systems er produsent av ein type dronar (førarlause fly) som vert nytta av det israelske militæret (Hermes 450). Desse dronane var i følgje rapportar sentrale i dei to krigane Israel førte i Gaza og Libanon i 2006 og i krigen mot Gaza i 2008-2009. Dei er ein viktig del av overvåkningsystemet til den israelske hæren og dei israelske luftstyrkane, og kan òg verte nytta til å fyre av Rafal Spike-rakettar. Det er dokumentert, mellom anna i NRK Brennpunkt-dokumentaren ”What killed my brother?”, at sivile vart drepne av rakettar avfyrte frå dronar i Gaza i 2008-2009. Ein skulle difor tru at når Etikkrådet handsama Elbit Systems ville det inkludere ei drøfting av om rakettfyrande dronar er eit ”inhumant våpen” og om sal av våpen som vert nytta mot sivile er grunn for utestenging. Men dronane var ikkje nemnt med eit ord i korkje tilrådinga frå Etikkrådet eller grunngjevinga frå Finansdepartementet. Vi kan berre spekulere i kvifor dronane ikkje vart drøfta, men det er likevel eit signal om at dei ikkje vert rekna for å vere ”inhumane våpen”.
Elbit Systems vart utestengt frå Oljefondet, men for bidraget sitt til bygging av Apartheid-muren på Vestbreidda. Muren byggjer inne Vestbreidda, men vert samtidig bygd innanfor den grøne lina som markerer grensa til Vestbreidda, og omsluttar fleire av dei israelske koloniane. Som eit resultat av det vert delar av Vestbreidda de facto annektert og tusenvis av palestinarar vert buande mellom muren og den grøne lina eller i enklavar med mur på alle kantar. I tilrådinga si la Etikkrådet vekt på at Folkrettsdomstolen i Haag har slått fast at bygginga av muren er ulovleg og at ein må sjå på bygginga av muren som folkerettsstridig. Det er viktig å få med seg at Etikkrådet la eit vesentlegheitsprinsipp til grunn; eit kvart bidrag til bygging av muren vil ikkje vere grunnlag for uttrekk. Men Elbit Systems har utvikla eit eiga overvåkingssystem (kalla Torch) spesifikt for muren – som er ein integrert del av muren og som ikkje har andre bruksområde – og er difor ”en vesentlig bidragsyter” til bygginga.
Sumaren 2010 vart Africa Israel Investments og Danya Cebus utestengt frå Oljefondet og aksjane i Africa Israel Investments selde. (Oljefondet hadde ikkje aksjar i Danya Cebus.) Danya Cebus er eit entrepenørfirma om er involvert i bygging av israelske koloniar på Vestbreidda og Africa Israel Investment er hovudaksjonæren i Danya Cebus. I tilrådinga si om uttrekk la Etikkrådet vekt på at både Folkerettsdomstolen i Haag og SNs tryggingsråd har slått fast at bygginga av koloniar på Vestbreidda er i strid med med den fjerde Genève-konvensjonen og dimed ulovleg. Etikkrådet meinte difor at investeringa i Africa Israel Investments utgjorde ein ”uakseptabel risiko” for medverknad til ”alvorlige krenkelser av individers rettigheter i krig eller konfliktsituasjoner”.
Det er fleire ting å merke seg i denne saka. Det fyrste ein kan merke seg er at Africa Israel Investments som majoritetseigar i Danya Cebus vart utestengd frå Oljefondet, medan det er Danya Cebus som står for den faktiske entrepenørverksemda i koloniane. Det andre ein skal merke seg er at Etikkrådet, som i saka med Elbit Systems, nytta eit vesentlegheitsprinsipp. All aktivitet knytt til koloniane er ikkje grunnlag for uttrekk, men ”den fysiske oppføringen av boligeiendommer i bosetningene” utført av Danya Cebus er ”det mest vesentlige bidrag” til bygging av koloniar.
Det tredje vi skal merke oss er relasjonen til den fjerde Genève-konvensjonen. Konvensjonen er reglar som gjeld statar, medan Etikkrådet har som mandat å vurdere handlingane til selskap. På spørsmål frå Finansdepartementet presiserar Etikkrådet at ein må sjå på bygging av koloniar på Vestbreidda som direkte medverknad til den israelske statens brot på konvensjonen og at slik medverknad kan vere grunnlag for uttrekk.
Eit område Etikkrådet førebels ikkje har uttala seg om er sement og betong. Med bygginga av muren og israelske koloniar på Vestbreidda vert sement og betong til politikk i Palestina. Oljefondet har eigarinteresser i fleire av dei store israelske aktørane. Nokre av desse driv òg utbytting av palestinske naturresursar.
Nesher Israel Cement Enterprises er den einaste sementprodusenten i Israel og leverer ein stad mellom 75% og 90% av all sement som vert selt i Israel og dei palestinske områda. Det er dokumentert at sement frå Nesher har vorte nytta i mange byggingeprosjekt i israelske koloniar på Vestbreidda, i bygging av infrastuktur knytt til koloniane og i bygginga av Jerusalem Light Rail. Det er òg vorte innrømt at sement frå Nesher ”mest sannsynleg” har vorte nytta i Apartheid-muren på Vestbreidda.
Nesher er eigd av Mashav Initiating and Development som er eigd 25% av den irske giganten på byggningsmateriale CRH og 75% av det israelske Clal Industries and Investments. Clal er eigd 61% av IDB Development Corporation som er 100% eigd av IDB Holding Corporation. Oljefondet har investert i fleire av desse selskapa og eigde ved utgangen av 2010 3,05% av aksjane i CRH, 0,27% av aksjane i IDB Holding og 0,21% av aksjane i Clal. I følgje årsrapporten til Oljefondet var verdien av desse aksjepostane då på 2,6 mrd kr for CRH, 22 mill kr for IDB Holding og 16 mill kr for Clal.
Det finst rundt ti israelskeigde steinbrot i C-områda på den okkuperte Vestbreidda. C-områda er dei delane av Vestbreidda der Israel etter Oslo-avtalen har full kontroll. I følgje den israelske menneskrettsgruppa Yesh Din produserer desse brota i hovudsak grus, og det aller meste av produksjonen går til den israelske marknaden. Det vil seie at israelske selskap utnyttar ikkje-fornybare naturresursar på okkupert palestinsk område og gjer det på ein måte som ikkje kjem palestinarane til gode. Denne utbyttinga av palestinske resursar står for i underkant av ein fjerdedel av israelaranes forbruk av sand og grus.
Dette er i strid med internasjonal lov som seier at utnytting av naturresursar på okkupert område skal vere i tråd med ”reglane for bruksrett” (”the law of usufruct”). ”Reglane for bruksrett” er retten til å nytte noko som tilhøyrer andre så lenge det ikkje vert endra eller øydelagd. Det er sjølvsagt ikkje mogleg å bryte stein frå eit steinbrot utan å endre eller øydelegge det.
Mellom dei israelske selskapa som driv steinbrot på Vestbreidda finst Hanson Israel som driv brotet Nahal Raba Quarry og Lime & Stone Production Company som driv brotet Yatir Quarry nær kolonien Teneh Omarim saman med Kfar Giladi Quarries, ifølgje informasjon frå Yesh Din og organisasjonen The Coalition of Women for Peace som driv nettstaden Who profits?
Hanson Israel er eigd av det tyske selskapet HeidelbergCement. Lime & Stone Production Company er eigd av Readymix Industries som igjen er eigd av det meksikanske selskapet CEMEX. I følgje årsrapporten til Oljefondet hadde fondet ved utgangen av 2010 investert 2 mrd kr i HeidelbergCement og 420 mill kr i CEMEX. Det utgjer 2,87% av aksjane i HeidelbergCement og 0,68% av aksjane i CEMEX.
Kjelder