Av Else Jerdal
Artikkelen er publisert i studieheftet «Fritt Palestina» utgitt Palestinakomiteen i Norge 2010
Den sionistiske rørsla vaks fram i Europa i siste del av 1800-talet som eit svar på dei utfordringane dei europeiske jødane stod overfor. Målet var ei nasjonal gjenføding av det jødiske folket i landet til forfedrane etter to tusen år i eksil. Denne strategien vart òg omtala som å normalisera situasjonen for jødane, det vil seia å samla jødane på eit eige territorium med sitt eige statsapparat. Eit normalt jødisk samfunn var eit samfunn der jødane var i fleirtal og der dei politiske institusjonane var jødiske.
Strategien var eit svar på det som var situasjonen for jødane; dei var spreidde i mange land; dei var i mindretal i alle landa; dei var forfølgde, undertrykka og diskriminerte; dei vart regelrett myrda i pogromar – av di dei var jødar. Eit eige land der dei var i fleirtal og som dei sjølv styrte, ville gjera slutt på avhengigheita av andre. Løysinga låg i å gjera det jødiske folket til ein ”vanleg” nasjon lik dei andre nasjonane.
Sionismen har like frå dei fyrste forsøka på å formulera den jødiske nasjonalstaten i Palestina og til i dag, stått overfor tre grunnleggjande spørsmål: 1) Kva er og kven høyrer til den jødiske nasjonen? 2) Korleis såg ein jødisk stat ut? 3) Kva skulle ein gjera med dei folka som budde i Palestina?
Heilaggjeringa av Landet
Den 4 november 1995 vart Israels statsminister Yitzhak Rabin skoten og drepen. Drapsmannen heitte Yigal Amir og høyrde til den religiøse busetjarrørsla. I rettssalen forsvarte han drapet som eit religiøst påbod og viste til religiøse utlegningar som sa at den jøden som gjev jødanes land til fienden, skal drepast. Nokre månader før drapet hadde ein del rabbinarar på Vestbreidda lagt fram ei kunngjering som sa at Yitzhak Rabin i halakisk tyding var ein moser – ordrett tyder det ein som ”overbringer” eller ”leverer” – og at den som overbringer Landet Israel til fienden, forspiller sitt liv.
Fem veker tidlegare, den 28 september, hadde Rabin signert Oslo II-avtala. Det var to år sidan handtrykket mellom Arafat og Rabin, som stadfesta prinsippet om å bytta territorium for fred. Rabin ville gje tilbake delar av dei okkuperte områda til palestinarane. Med det vart han ein forrædar mot det jødiske folket. Det var viktigare at Landet var jødisk enn at palestinarane anerkjente staten og garanterte fred.
Den jødiske staten
Staten Israel vart erklært oppretta den 14 mai 1948, dagen før det britiske mandatet over Palestina skulle opphevast. I uavhengigheitserklæringa heiter det: ”Vi erklærer med dette etableringa av den jødiske staten i Palestina, som skal heita Medinath Yisrael” (Staten Israel). Formuleringa ”den jødiske staten” var grundig drøfta av det provisoriske statsrådet, og eit framlegg om å utvida til ”suveren uavhengig jødisk stat i Palestina” vart avvist. Forklaringa ligg i forholdet mellom dei jødane som bur i Israel og dei som bur utanfor Israel. Det er heilt avgjerande for sionismen at den jødiske staten er til for det jødiske folket, eit folk som var, og er, territorielt spreidd. I 1948 var 10 % av verdas jødar busette i Israel. Men dei 90% av nasjonen som var i eksil var like mykje del av nasjonen, og staten skulle vera til for dei like mykje som for innbyggjarane innanfor statens grenser. Det var eit mål at alle jødar skulle busetja seg i Israel, men det var òg klart for alle at dette ikkje var realistisk.
Staten Israel skil seg frå alle andre statsdanningar i verda ved at han definerer seg som staten til eit folk som for ein stor del ikkje bur i staten og som ikkje har tenkt å bu i denne staten, og som er fullverdige statsborgarar i andre land. Alle jødar har rett til å venda ”heim”. Denne retten er formulert i Lova om tilbakevending, vedteken 5 juli 1950 og der fyrste paragraf seier: ”Ein kvar jøde har rett til å immigrera til landet”. Lova om tilbakevending er nær knytt til Nasjonalitetslova, som gjev ein kvar jøde som kjem til Israel i kraft av Lova om tilbakevending rett til israelsk statsborgarskap. Dette er ikkje vanlege immigrasjonslover, det er lover som berre gjeld for jødar, og staten Israel har også lover som regulerer immigrasjon for andre enn jødar.
Staten Israel har inga grunnlov, trass i at dette var eit krav frå FN og styresmaktene lova at det skulle utformast ei grunnlov som slo fast og sikra demokratiske rettar for borgarane. Forsøka på å laga ei grunnlov stranda på motstand frå dei nasjonalreligiøse, som hevda at ein jødisk stat var forplikta på Torah og at ei lov i strid med Torah var ugyldig i ein jødisk stat. Dei sekulære partia vart stilt til veggs: Om dei ikkje ville vera jødar, kva rett hadde dei då til å vera i Palestina? Til erstatning vart det utforma eit sett av grunnleggjande lover (basic laws), der Lova om tilbakevending og Nasjonalitetslova er dei mest sentrale. Staten Israel har altså eit lovverk som gjev særlege rettar til alle som er del av den jødiske nasjonen, også utanfor statens territorium, og desse rettane går framfor rettane til israelske statsborgarar.
Forpliktinga overfor det jødiske folket er årsaka til at det i folkeregisteret og i israelske pass er registrert tre ulike identitetar; religion, nasjonalitet og statsborgarskap. Berre slik kan staten samstundes vera ein stat forplikta overfor den jødiske nasjonen og ein demokratisk stat for alle israelske statsborgarar. Kor demokratisk ein slik stat faktisk er og kan vera, har vore drøfta så lenge staten Israel har eksistert, til tider intenst og opprivande.
I formuleringa ”den jødiske staten i Palestina” ligg det altså at staten er til for det jødiske folket – den jødiske nasjonen. Ein ”suveren, uavhengig” stat hentar legitimiteten sin frå statsborgarane og folkeviljen slik det kjem til uttrykk i val. Den jødiske staten i Palestina er ikkje ein slik suveren og uavhengig stat, men ein reiskap for å samla den jødiske nasjonen på sitt eige territorium. Retten til territoriet, Eretz Israel, har jødane som jødar – ikkje av di dei er israelske statsborgarar.
Det jødiske folket
Når staten er til for den jødiske nasjonen og gjev særlege rettar eksklusivt for denne nasjonen, er det avgjerande å skilja mellom jødar og ikkje-jødar. Kva er ein jøde – kven er jøde? Etter statsetableringa førte spørsmål om identiteten som jøde til opprivande debattar og til fleire langvarige rettssaker.
Sionismen som vart forma i Europa sist på 1800-talet var ei sekulær rørsle med eit sterkt element av moderniseringsvilje. Den normale jødiske nasjonen som skulle samlast i Palestina, hadde ikkje noko til felles med dei gamaldagse og religiøst styrte jødiske samfunna i Aust-Europa på 1800-talet. Førebiletet var dei opplyste, moderne og sekulære samfunna i Vest-Europa, der det nasjonale språket, den nasjonale kulturen og den nasjonale karakteren var det som gjorde ein nasjon til ein nasjon. Det var difor ikkje berre snakk om å samla jødane, sionismen var og eit prosjekt for å transformera jødane til ein moderne og vanleg nasjon.
Utfordringa for sionistane var frå starten, og er framleis, kva som særkjenner den jødiske nasjonen og som gjer nasjonen jødisk. Kva er det som definerer den jødiske identiteten, kva er det som gjer eit menneske til ein jøde, kva er forskjellen mellom ein jøde og ein som ikkje er jøde? For å kunna omtala jødane som ein nasjon – og som éin nasjon – måtte det nasjonale/jødiske kjenneteiknet vera felles for alle jødar.
Det fanst ikkje noko slikt felles identitetsmerke for alle jødane, bortsett frå jødedommen. I heile sionismens historie har spørsmålet om jødedommens plass i og betydning for den jødiske identiteten vore ei utfordring. Religiøse jødar har stått mot sekulære jødar, og religiøse jødar har ulike syn på den jødiske identiteten etter om dei høyrer til dei ortodokse, dei konservative eller dei liberale – eller den nyare messianske busetjarrørsla som har vakse fram etter okkupasjonen av Vestbreidda i 1967.
I dag vil mange meina at det å bu i Israel, vera israelsk statsborgar og snakka hebraisk må vera prov nok på at ein normal jødisk nasjon er blitt til. Sionismen har nådd målet sitt. Men for andre er dette ikkje rett, sionismen har ikkje nådd målet sitt. Det var ikkje ein israelsk nasjon som var målet, det var den fysiske samlinga av verdas jødar i eit jødisk samfunn styrt av ein jødisk stat. Staten Israel er til for jødane i verda. Om lag halvparten av verdas jødar er borgarar i Israel. Den andre halvparten har statsborgarskap i andre land, dei fleste i USA, men den jødiske staten er til også for desse jødane. Innafor grensene til den jødiske staten bur det om lag ein million menneske som ikkje er jødar. Dei er israelske statsborgarar, men dei høyrer ikkje til den jødiske nasjonen.
Landet – Eretz Israel
Eksistensen av palestinarane og deira tilknyting til Palestina er sionismens akilleshæl. At det budde folk i Palestina visste sionistane frå første stund. Kva ein skulle gjera med den lokale befolkninga var det ulike meiningar om. Theodor Herzl skreiv om arabarane i Palestina som ein realitet, men heller nedlatande. Han meinte at dei etter litt tid ville setja pris på den moderne sivilisasjonen og velstandsauken som jødane ville bringa med seg. Han såg ikkje føre seg nokon konfrontasjon eller motstand, og meinte at det ville vera plass til arabarane òg – om enn berre som individ og ikkje som eit kollektiv med eigen kulturell og nasjonal identitet.
Fleire andre var bekymra over den lokale befolkninga og særleg over den manglande interessa for dette spørsmålet blant dei sionistiske leiiarane. Dei vart endå meir bekymra når dei skjøna at Palestina var tett befolka og at det budde arabarar i alle delar av landet. Sionistrørsla var aldri eksplisitt på korleis dei såg føre seg at ein skulle ordna forholdet mellom dei innflyttande jødane og den lokale befolkninga. Mange skauv problemet vekk til ei fjern framtid. Det kanskje viktigaste leiinga gjorde, var å ikkje snakka om dette – eller snakka det vekk med vage formuleringar.
Ein nyare generasjon av israelske historikarar, dei såkalla revisjonistane, har vist at problemet med ei eksisterande befolkning var godt kjent av den sionistiske leiinga, både dei som arbeidde i Palestina før statsetableringa og dei som arbeidde internasjonalt for å få støtte til prosjektet sitt med å etablera ein heim for jødane i Palestina. Dei viser òg at strategien til dei leiiande i sionistrørsla heile tida var å få arabarane vekk frå det territoriet som skulle verta ein jødisk nasjonalheim/stat. Det demografiske problemet har sionistane erkjent heile tida. Det var for mange arabarar i alle delar av Palestina til at ein jødisk stat kunne vera jødisk og demokratisk.
Fordrivinga av 750 000 palestinarar i 1948-49 var eit resultat av planlagd politikk og militær strategi – og den gongen var det arbeidarsionistane som hadde hegemoniet. Israelske historikarar har vist at det frå arabisk side var ei rekkje initiativ og tilbod om å finna løysingar, men alle vart avviste av Israel. Krigen vart meir omfattande og varte lenger fordi Ben Gurion såg at det var mogleg å tømma område for folk.
Då den israelske hæren erobra Vestbreidda, Golanhøgda og Sinai i juni 1967, oppstod straks spørsmålet kva ein skulle gjera med dei nye territoria. Problemet var ikkje jorda, men folka som budde der. Dei som ville ha ein demokratisk stat, ville gje tilbake dei erobra områda. Dersom ein innlemma dei okkuperte områda i staten, ville fleirtalet av borgarane i Israel vera ikkje-jødar. Korleis kunne ein slik stat vera jødisk – og samstundes demokratisk?
Religion og nasjon
Dei religiøse jødane har alltid hevda at for jødane kan ikkje religion og nasjon skiljast – ein kan ikkje vera del av den jødiske nasjonen utan å tilhøyra den jødiske religionen. Den jødiske nasjonen kan ikkje gje plass til andre religionar. Det er den jødiske religionen som definerer nasjonen. I dette ligg det at ein jødisk stat ikkje kan vera multi-religiøs og multi-nasjonal. Den kan heller ikkje vera sekulær og demokratisk. I dei store debattane om jødisk identitet dei fyrste åra etter 1948, var dei nasjonalreligiøse opne om dette og sa rett ut at demokratiet og indviduelle borgarrettar måtte vika om det kom i konflikt med omsynet til den jødiske nasjonen. Sekulære jødar må underordna seg lover og reglar for ein jødisk stat og eit jødisk samfunn.
Dette religiøse standpunktet aksepterte mange sekulære jødar fordi dei ikkje kunne forklara kva anna som skulle definera ein jøde. Mange sekulære jødar meinte at det må vera nok å bu i landet, ha hebraisk som morsmål og den jødiske historia som kulturell arv. Det spørsmålet dei stadig vart konfronterte med, var: med kva rett bur me i dette landet som Gud lova jødane om me ikkje vil vera jødar?
Ein grunn til den vedvarande meiningsbrytinga om jødisk identitet, og konsesjonane til dei religiøse partia frå dei sekulære, er det vanskelege spørsmålet om retten til landet. Gjev ein opp forståinga av den jødiske nasjonen som eit religiøst definert folk, finst det – for jødane sjølve – ingen legitime grunnar til koloniseringa av Palestina. Retten til Landet har jødane frå Gud, som ein del av pakten mellom Gud og det utvalde folket. Om jødane bryt denne pakten, og t.d. vert ein nasjon som alle andre, er dei ikkje lenger jødar og kan ikkje hevda nokon særskild rett til Landet.
Det er det jødiske folket som legitimerer retten til Landet. Dersom folket i Landet Israel ikkje er ”jødisk” – kva rett har dei då til det landet som Gud lova jødane? Kva rett hadde dei til å fjerna dei som budde i Palestina i 1947-48, øydeleggja landsbyane deira og konfiskera jorda deira?
Ein demokratisk stat?
Kan ein jødisk nasjonalstat samstundes vera ein demokratisk stat? Nokre hevdar at så lenge jødane er i fleirtal kan staten vera både jødisk og demokratisk. Ein kan gje like sivile og politiske rettar til alle borgarane utan at det jødiske ved samfunnet går tapt. Det er vanskelegare å innrømma nasjonale rettar for ikkje-jødane, eller med andre ord innrømma palestinarane ein kollektiv status og identitet som eit folk og ein nasjon.
Den sionistiske løysinga på det jødiske problemet er eit ekko av den nasjonale tidsalderen i Europa. Dei europeiske nasjonale rørslene bidrog til å gjera situasjonen vanskelegare også i dei mest liberale landa og for dei jødane som hadde vald assimilering og rekna seg som franskmenn eller tyskarar av nasjonalitet. Dei assmilerte jødane omfatta både ateistar og truande jødar. Dei truande handterte identitetsspørsmålet ved å skilja mellom ein nasjonal og ein religiøs identitet – ”franskmann ute – jøde i synagogen”.
I den jødiske staten i Palestina kan derimot ein jøde ikkje vera ”israelar ute – jøde i synagogen”. Sionismen har måtta akseptera den religiøse forståinga av den jødiske nasjonen. Den jødiske nasjonen er religiøst avgrensa og kan ikkje gje plass til ikkje-jødar. Sionismen er difor ein nasjonalisme som føreset einskap mellom Folket, Landet og Nasjonen.
For at staten skal vera ein jødisk nasjonalstat må han gje særskilte rettar for den jødiske nasjonen, også for delen av nasjonen som lever i diasporaen. Rettane til diasporajødane går framfor rettane til dei borgarane i staten som ikkje er del av den jødiske nasjonen. Dersom Israel bryt banda til jødane i diasporaen, vil det vera eit brot med sionismen. Så lenge banda til diasporaen går føre banda til borgarane i staten, kan Israel ikkje vera ein demokratisk stat.
Israel er udemokratisk både overfor ikkje-religiøse jødar og overfor ikkje-jødar. Dei sekulære jødane må tola religiøs tvang og eit sivilt lovverk som er religiøst bestemt. Ikkje-jødane står utanfor nasjonen. Ei rekkje sosiale, økonomiske og politiske ordningar er organisert gjennom nasjonale institusjoner for jødane og ikkje av staten for alle borgarane.
Det er eksklusiviteten og forretten for jødar som gjer staten Israel til ein diskriminerande og udemokratisk stat. Den ”positive diskrimineringa” av jødar over heile verda er ikkje mogleg utan ei negativ diskriminering av dei som står i vegen for eit mononasjonalt og monoreligiøst jødisk samfunn i Landet Israel.
Litteratur:
Rosenberg, Gøran (1998): Det tapte landet. Israel – en personlig historie. Aschehoug
Shlaim, Avi (2000): The Iron Wall. Israel and the Arab World. Penguin Books
Publisert: 23. februar 2012