Tekst: Magne Hagesæter, Palestinakomiteen i Bergen
Teksten har tidligere vært publisert i Fritt Palestina nr. 4 2015.

Retten til å vende tilbake hentar sin legitimitet frå resolusjon 194 av FNs generalforsamling, vedteke 11. desember 1948. I punkt 11 blir det slått fast at dei palestinske flyktningane som ønskjer å vende tilbake skal kunne gjere det og at dei som har hatt tap av eigedom skal bli kompensert. 

KVA ØNSKJER FLYKTNINGANE? 

Når det gjeld sjølve retten til å vende tilbake er det liten tvil om at den står sterkt blant palestinarane. I 2005 vart det gjennomført ei spørjeundersøking blant palestinske flyktningar i Libanon. På spørsmålet om ein var villig til å oppgje retten til å vende tilbake til Palestina svara 96 prosent nei, tre prosent ja, og ein prosent at dei var usikker. Målingar blant flyktningane i andre land viser om lag same resultat. Men ein ting er kor viktig denne retten er, noko anna er korleis ein vil bruke den. Etter Taba-forhandlingane i 2001 bestemte PLO seg for å skaffe seg meir informasjon om kor mange av flyktningane som realistisk ville vende tilbake, noko som kunne gje eit styrka forhandlingskort ved framtidige forhandlingar. I 2003 vart ei spørjeundersøking gjennomført av Palestinian Center for Policy and Survey Research (PCPSR) i samarbeid med palestinske sjølvstyremyndigheiter blant palestinske flyktningar i Libanon, Syria, Jordan, Vestbreidda og Gaza. Resultatet som vart kommunisert var at berre 10 prosent av flyktningane ønskja å vende tilbake dersom dei fekk høve til det som ein del av ein fredsavtale. Men det viste seg å vere ei fordreiing av sanninga. Målinga møtte sterk kritikk frå flyktningorganisasjonar som meinte den var rigga for å avvæpne retten til å vende tilbake. Leiaren av PCPSR, Khalil Shikaki, skal ha blitt angripen av ei sint folkemengd under pressekonferansen. Spørsmåla i undersøkinga viste seg å vere formulert meir i retning den israelske statsministeren Ehud Barak sin posisjon under 2001-forhandlingane, enn i tråd med rettane flyktningane har som følgjer av FN-resolusjon 194. Noko som vart underkommunisert frå meiningsmålinga var at fleirtalet av dei spurde svarte nei på spørsmålet om dei trudde Israel ville godta kravet om å vende tilbake. Og metodisk sett kan ein kritisere det å skulle inkludere heile fem forskjellige svaralternativ, for så å presentere svaret som ei enten/eller-problemstilling (vende tilbake eller ikkje). Posisjonen til BADIL Resource Center for Palestinian Residency and Refugee Rights er at denne typen meiningsmålingar forenklar ei kompleks problemstilling og er hovudsakleg meint til å styrke to forskjellige politiske motiv. Medan palestinske leiarar bruker statistikken for å bagatellisere kravet og skape betre forhandlingskort for å kunne gå på akkord med kravet, vil israelske leiarar bruke statistikk som viser at mange vil vende tilbake, som propaganda for at retten ikkje er akseptabel. 

ER TILBAKEVENDING MOGLEG? 

I Vesten er det ei vanleg innvending at staten Israel, som konsekvens av at flyktningane får vende tilbake, vil opphøyra å eksistere. Mellom anna Norman Finkelstein har argumentert for dette synet. For det første er det, som sagt, usikkert kor mange som vil velje å vende tilbake stilt ovanfor det rettmessige valet mellom å: 1) vende tilbake til området dei vart fordrive frå, 2) bli i vertslandet som dei oppheld seg i, og 3) flytte til eit tredje land, alle tre inkludert kompensasjon for tapt eigedom. Dersom det viser seg at dei palestinske flyktningane er det som gjer at Israels jødiske befolkning kjem i mindretal, burde i så fall rettane til fleire millionar flyktningar vere viktigare enn å oppretthalde Israel som ein eksklusiv, «etnisk rein» stat for éi folkegruppe. Men ein må hugse på at Israels «demografiproblem» allereie er der når ein held dei palestinske flyktningane utanfor, men inkluderer heile befolkninga som staten Israel kontrollerer i dag. Staten Israel har allereie store problem med å tolerere eit mindretal på 20 prosent av befolkninga som er «ikkjejødar» i dag. Som del av ein avtale om tilbakevending må ein bli einige om ei statsløysing som sikrar rettar og representasjon for innbyggarar og grupper, men det er tydelig at ei rettferdig løysing ikkje kan ha sionismens ekskluderande ideologi som utgangspunkt. 

ER DET PRAKTISK MOGLEG? 

Ei anna utfordring med retten til å vende tilbake er om det er praktisk mogleg å gjennomføre. Kva skal innbyggarane leve av? Er det plass til så mange menneske? Det enkle svaret er at det er politisk vilje som er hovudproblemet for ei slik løysing. Masseinnvandringa av jødar til Israel viser at storstilte folkeflyttingar er moglege dersom det blir tilrettelagt politisk for det. Ein kan òg vise til at millionar flyktningar har venda tilbake til og blitt busett i land som Afghanistan, Mosambik, Rwanda og Kosovo. 

ROLLA TIL VERTSLANDA 

Ifølge det israelske narrativet er det dei arabiske landa som er skuld i flyktningproblemet, fordi dei ikkje har integrert dei palestinske flyktningane og gjeve dei fulle rettar. Det er viktig å påpeike at det er Israel, og ingen andre, som sidan 1948 effektivt har hindra at resolusjon 194 har blitt oppfylt og at flyktningane dermed kan få ei rettmessig oppreising. Samstundes er det riktig at dei arabiske vertslanda har nekta palestinarane ei rekkje sivile rettar, mellom anna under dekke av å ville «bevare» palestinsk identitet. Paradoksalt nok er ein konsekvens av denne politikken at mange palestinarar har flytte ut av vertslandet, og endå lenger vekk frå heimlandet, til dømes til Europa eller USA. I Libanon, som har den mest diskriminerande politikken mot palestinarane, har det vore argumentert ope med at dette er naudsynt for å bevare den demografiske stabiliteten mellom dei tre største etniske gruppene i landet. 

PALESTINAKOMITEENS KRAV 

Det er viktig å peike på at flyktningane ikkje er eit «hinder» for fred, men derimot, som det står i Palestinakomiteens prinsipprogram, at «...retten for alle palestinske flyktningar til å vende tilbake høyrer med mellom viktige føresetnader for ei løysing.» I dette kravet ligg det at alle flyktningane og deira etterkommarar får høve til å velje å vende tilbake til området dei kom frå. Flyktningane bør samstundes få fulle sivile rettar i dei landa dei er i, noko som ikkje står i motstrid til å bevare palestinske kultur eller identitet, og som ikkje svekker kravet om å vende tilbake.

HISTORIEN OM DE PALESTINSKE FLYKTNINGENE 

• Da staten Israel ble opprettet i 1948, ble omtrent 750 000 palestinere drevet på flukt. En tredjedel flyktet til Vestbredden, en tredjedel til Gazastripen og resten hovedsakelig til Jordan, Syria og Libanon. 

• Som flyktninger regnes også de som ble fortrengt under seksdagerskrigen i 1967 (ca 300 000) samt personer som har forlatt eller blitt deportert fra de okkuperte områdene (ca 6000). Selv om de har rett til å vende tilbake i tråd med FN-resolusjon 194, nekter Israel dem denne retten. 

• I dag teller de palestinske flyktningene med etterkommere omtrent fem millioner mennesker på verdensbasis. 

• UNRWA ble opprettet som en midlertidig organisasjon i 1949 for å ta vare på palestinske flyktninger etter 1948- krigen i Palestina. 

• UNRWA tilbyr grunnleggende tjenester, som utdanning, helse, sosiale tjenester og humanitær hjelp. De ansatte er nesten utelukkende lokalt rekrutterte palestinere, der mange selv er flyktninger. 

• Borgerkrigen i Syria har sendt hundretusener på flukt til nabolandene. Palestinske flyktninger har blitt nødt til å forlate sine hjem i Syria, mange av dem for andre gang i sitt liv. Kilde: Flyktninghjelpen, FN-sambandet

UNHCR OG UNRWA: HVA ER FORSKJELLEN? 

Rune Arctander, assisterende generalsekretær i FN-sambandet, forklarer: «I prinsippet skal UNHCR (United Nations High Commissioner for Refugees (på norsk FNs høykommissær for flyktninger) hjelpe alle som faller inn under Flyktningkonvensjonen fra 1951, og dens tilleggsprotokoll fra 1967. Dette inkluderer i utgangspunktet også alle palestinske flyktninger. Men i artikkel 1D i Flyktningkonvensjonen står det at UNHCR ikke skal ta ansvar for personer som allerede mottar beskyttelse eller støtte fra andre FN-organer. Og dette er tilfelle for de fleste palestinske flyktningene siden de bor innenfor områdene hvor UNRWA (The United Nations Relief and Works Agency for Palestine Refugees in the Near East) har ansvaret: Jordan, Libanon, Syria og Palestina (dvs. Gazastripen og Vestbredden, inkludert Øst-Jerusalem). Men dette betyr samtidig at hvis palestinske flyktninger ikke mottar beskyttelse og støtte fra UNRWA eller andre FN-organer, vil de automatisk falle innenfor UNHCRs ansvarsområde. Slik ansvarsfordeling krever koordinering mellom FN-organene, samt tilstrekkelige midler til å utføre det mandatet de er tiltenkt. Og slike utfordringer viser jo nettopp viktigheten av at FN-organer som UNRWA og UNHCR har nok penger til å utføre den jobben de er ment å skulle utføre. Fremfor å peke på behovet for endringer av praksis vil derfor FN-sambandet heller vektlegge viktigheten av at FNs medlemsland, inkludert Norge, sikrer det økonomiske bidraget til UNRWA for å sikre de palestinske flyktningenes rettigheter. Som leder av Giverlandsgruppen har Norge et viktig ansvar.»