Fråsegn frå landsmøte i Palestinakomiteen i Norge 

Den norske regjeringa kom den 7.mars 2024 med ei pressemelding kor de rår norske selskap å ikkje drive handel og næringsverksemd som bidrar til å oppretthalde dei folkerettsstridige israelske busettingane på Vestbredden og Aust-Jerusalem. Denne tilrådinga blei skjerpa i melding frå regjeringa 17.oktober same år. Oppfordringa må sjølvsagt og gjelde offentlege verksemder, kommunar og fylkeskommunar.  

I Norge så har eit stort israelsk selskap fått ein viktig posisjon. I 2021 så kjøpte det israelske selskapet Azrieli Group opp datasenterselskapet Green Mountain. Dei prøvar no å etablere nye kraftkrevande og naturinngripande datasentre fleire stader i Norge.  

Azrieli Group har, gjennom Azrieli Foundation, vore ein aktiv aktør for å fremme ulovlege israelske busettingar på Vestbredden. Azrieli Group har gitt omfattande økonomisk støtte til den høgreekstreme sionistiske israelske organisasjonen Im Tirtzu og til andre organisasjonar som fremjar folkerettsbrot gjennom økonomisk støtte til ulovlege busettingar og det israelske militæret. Sjølv om dei har solgt selskap som var aktive i ulovlege busettingar så har dei fortsatt eigarandelar i Bank Leumi som står på diverse svartelister for selskap som bidrar til folkerettsbrot.  

Palestinakomiteen i Norge meinar at eit selskap med bindingar til den israelske okkupasjonen ikkje skal få handtere data frå norske sjukehus, bankar, universitet, offentlege etatar og andre norske verksemder. 

Norsk energi skal ikkje understøtte Israels økonomi, teknologiutvikling og drift av overvåkningssystem. Azrieli Group må ut av Norge.