Palestinakomiteen i Noreg ynskjer at ungdom skal bli kjent med det palestinske folket og deira historie og situasjon. Målet er å styrke solidaritetsarbeidet her heime.
Vår hovudsamarbeidspartner er General Union of Palestinian Women (GUPW); på norsk ofte berre kalla Kvinneunionen. Dette er ein stor organisasjon med greiner i dei fleste palestinske miljø og er ein del av PLO (The Palestine Liberation Organization). Ein sentral del av solidaritetsarbeidet er å undervise ulike grupper i engelsk. I tillegg jobbar solidaritetsarbeidarane med aktivitetar for born og ungdom som forming, musikk, idrett, drama eller liknande. Dei som reiser må ha evne til å arbeide sjølvstendig for det kan til tider vera krevjande å finne rolla si.
Solidaritetsarbeidaren bur og lever i tette relasjonar i flyktningeleiren, og dette gir viktige erfaringar på godt og vondt. Me meiner at det å delta i kvardagslivet er ein god måte å lære om palestinske flyktningar sin livssituasjon og ein måte å vise solidaritet på. Intensjonen er at solidaritetsarbeidarane skal formidle kunnskapen når dei kjem heim, t.d. som rapportar, avisoppslag, foredrag og/eller via medlemsaktivitet i Palestinakomiteen.
For å vere solidaritetsarbeidar må du vere fylt 20 år.
Solidaritetsarbeidet er finansiert gjennom innsamla pengar frå Palestinakomiteen sin solidaritetskonto.
Last ned informasjonsbrosjyre om solidaritetsarbeidet i Rashedieh.
For mer informasjon og eventuelt søknadsskjema, kontakt koordinator:
Elisabet Sausjord
Tlf: 776 94399
E-post: esausjord@gmail.com


Last ned som PDF