Rashedieh, Libanon

Palestinakomiteen i Noreg ynskjer at flest moglege skal bli kjent med det palestinske folket og deira historie og situasjon. Målet er å styrke solidaritetsarbeidet her heime.

Vår hovudsamarbeidspartner i Libanon er General Union of Palestinian Women (GUPW); på norsk ofte berre kalla Kvinneunionen. Dette er ein stor organisasjon med greiner i dei fleste palestinske miljø og er ein del av PLO (The Palestine Liberation Organization).

Ein sentral del av solidaritetsarbeidet er å undervise ulike grupper i engelsk. I tillegg jobbar solidaritetsarbeidarane med aktivitetar for born og ungdom som forming, musikk, idrett, drama eller liknande. Dei som reiser må ha evne til å arbeide sjølvstendig for det kan til tider vera krevjande å finne rolla si.

Solidaritetsarbeidaren bur og lever i tette relasjonar i flyktningleiren, og dette gir viktige erfaringar på godt og vondt. Me meiner at det å delta i kvardagslivet er ein god måte å lære om palestinske flyktningar sin livssituasjon og ein måte å vise solidaritet på. Intensjonen er at solidaritetsarbeidarane skal formidle kunnskapen når dei kjem heim, t.d. som rapportar, avisoppslag, foredrag og/eller via medlemsaktivitet i Palestinakomiteen.

For å vere solidaritetsarbeidar må du ha fylt 21 år det året du reiser, og medlem av Palestinakomiteen.

Solidaritetsarbeidet er finansiert gjennom innsamla pengar frå Palestinakomiteen sin solidaritetskonto.

For meir informasjon og søknadsskjema, kontakt prosjektkoordinatorene Anne Lie Nordberg og Veronica Madsen på rashedieh@palestinakomiteen.no