Festivalen Feminine Tripper skal ha ros for Israel-boikott

Fråsegn frå AKULBI og Palestinakomiteen i Norge, 23. mars 2018:

Kunstfestivalen Feminine Tripper, som finn stad i Oslo fram til søndag 25. mars, har vald å avstå frå å invitere israelske kunstnarar som har bedt om å få delta. Arrangørane har grunngitt avslaga med at dei ikkje vil bryte palestinarane sin boikott så lenge den israelske okkupasjonen av Palestina held fram. Dei har synt moralsk ryggrad i ein særs tilspissa kulturkamp, der alternativet er å late som om at det ikkje går føre seg nokon okkupasjon og undertrykking av palestinske kunstnarar.

Den modige haldninga til kunstnarane bak Feminine Tripper-festivalen har vår fulle støtte. Festivalen er sjølvsagt suveren i valet av deltakarar, men her har dei grunngitt avslaget til israelarane med at dei støttar palestinarane si form for motstand mot okkupasjonen. Organisasjonen «Med Israel for fred» (MIFF) har svara med å melde arrangørane til politiet og diskrimineringsnemnda. MIFF angrip med dette vår universelle og lovfesta rett til fri ytring, som politisk kulturboikott, gjennom å kriminalisere kunstnarane bak festivalen.

Det er ikkje dei israelske kunstnarane som er ofre. Det er tusenvis av palestinske aktivistar innan kunst og kultur som er ramma av okkupasjonen med det som følger av grensestenging og vegsperringar, reisenekt og andre restriksjonar og straffetiltak. For dei palestinsk-israelske kunstnarane er stoda enda verre. Det er palestinarane si oppfordring som er grunnen til boikotten. Og det er okkupasjonen som er kjernen i den konflikten arrangørane har ytra seg om og tatt stilling til. No blir dei angripne av dei som ikkje vil ha noko av at vi støttar palestinske kunstnarar si oppmoding om boikott. Det viser at Feminine Tripper har vald rett.

Vi vil be alle som sympatiserer med palestinarane sin motstand mot okkupasjonen om å støtte festivalarrangørane si avgjerd. Det er rett å reagere med solidaritet mot eit okkupert folk, og å støtte den forma for ikkjevald-motstand som palestinarane har vald.

 

Publisert: 24. mars 2018