Det 30. landsmøtet i Palestinakomiteen i Norge

Som kunngjort i Fritt Palestina nr 4-2013 er det landsmøte i Palestinakomiteen i Norge 21 – 23. mars 2014. Denne innkallinga inneheld informasjon om tid og stad for landsmøtet, delegatval, dagsorden og fristar for innsending av saker og forslag. Sakspapira blir trykte i Fritt Palestina nr 1-2014.

Tid: 21. – 23. mars 2014
Stad: Håndverkeren kurs- og konferansesenter i Oslo

Delegatar og delegatavgift
Alle godkjente lokallag får delegatar etter medlemstal per 30. september 2013, og delegatnøkkel som Landsstyret vedtok på møte 2-2013 (sjå vedlegg med oversyn over fordeling av delegatar per lokallag). I følgje vedtektene, skal lokallaga velje delegat/ane på årsmøte i lokallaget. Årsmøtet må vere halde innan utgangen av februar 2014. Resultatet av delegatvala må vere meldt inn og sendt til sekretariat@palestinakomiteen.no innan 1. mars 2014.

Valde delegatar og Palestinakomiteens leiar møter på landsmøtet med tale-, forslags- og røysterett.

Medlemar har rett til å møte med tale- og forslagsrett.

For å ha tale-, forslags- og røysterett må ein ha betalt kontingenten for 2014 før opninga av landsmøtet.

Forslag til Dagsorden LM 21. – 23. mars 2014

Fristar:
21. januar: Forslag til saker til dagsorden/sakslista
21. januar: Forslag til vedtektsendringar
21. februar: Utsending av landsmøtedokument (Fritt Palestina nr 1-2014)
28. februar: Lokallaga må ha vald sine delegatar
1. mars: Innmelding/påmelding av delegatar til sekretariat@palestinakomiteen.no