I Trondheim var det stort oppmøte i 1.mai-toget. Med 4-5 000 på Torget (i følge Adresseavisa) var Palestinaseksjonen den største, fronta av parola “Boikott Israel – Bryt med Histadrut” som årets offisielle parole.
Med dette vart presset mot LO lagt for å bryte med “det israelske LO”. Les meir om dette her.
Framfor parola hadde Palestinakomiteen i Trøndelag eit stort palestinsk flagg som vart boren horisontalt, medan lokallaget hadde ei flaggborg bak parola. Deltakarar i seksjonen fekk utdelt skilt med “Boikott Israel” og palestinsk fridomssymbol på.
Det vart også delt ut løpesedlar av Palestinakomiteen i Trøndelag undervegs og under talene på Torget.