15. september arrangerte Fellesorganisasjonen (FO) medlemskafé med situasjonen i Gaza som tema. Her er appellen som Arne Apold, styremedlem i Palestinakomiteen i Bergen, heldt for forsamlinga:
Det står det eit stort skilt over vegen med tekst på arabisk og engelsk når du køyrer inn i Gaza: «Welcome to Gaza» Eg har alltid tenkt at det manglar ein undertekst «Welcome to hell»
Gaza – ei kyststripe, om lag 4 mil lang, i snitt kanskje 9 kilometer brei. Før -48, før opprettinga av staten Israel budde det 80 000 her. Men i kjølvatnet av opprettinga av den nye staten kom 200 000 flyktningar. No bur det rundt 1,8 millionar her i det som kanskje er verdas tettast befolka område, tre av fire er FN-registerte flyktningar. Gaza har vore okkupert av Israel sidan 1967. I 2005 trakk dei seg ut, men Israel kontrollerer grenseovergangar, kysten utanfor og luftrommet over. Seks år gamal ungar i Gaza har opplevd tre krigar. Nokre av ungane i Gaza vart aldri seks år.
Men la oss begynne med begynninga, eller det som for meg var begynninga:
Beach camp, 1983. Leiren ligg i utkanten av Gaza by, ned mot Middelhavet. Vi er nokre titals ungdommar frå Europa og USA som ein dag kostar sand i gatene. Det er eit meiningslaust arbeid: Ei veke eller to seinare vil sanden på nytt ha blese opp frå stranda. Men vi er der, ser, høyrer på det dei har å fortelje.
I den største flyktningleiren i Gaza, Jabalia camp bur rundt 100 000 menneske på eit område mindre enn 1,5 km2 Tideleg på 80-talet bestemmer Ariel Sharon, israelske forsvarsministeren at gater i leiren må utvidast slik at okkupanten sine stridsvogner kan kome fram. Hus vert rivne.
På ruinane av eit hus viser to palestinske kvinner v-teiknet når vi tar bilde. Mange år seinare les eg at dei som skreiv under på at dei godtok at okkupanten reiv huset, fekk erstatning. Dei andre fekk klare seg sjølv.
Drosjeturen frå Jerusalem til Gaza tar ein god time. Sjåføren har spelt arabisk musikk heile vegen, men når vi køyrer inn i ein av leirane i Gaza set han på vestleg popmusikk. På hustaka er det bølgjeblekksplater, i gatene renn avløpsvatnet i opne renner.
Den israelske hæren har sprengt eit hus i lufta fordi ein av dei som bur der har vore aktiv i kampen mot okkupasjonen. Det er elles ein vanleg straffemetode. I dette tilfellet var eksplosjonen så kraftig at fleire hus i nabolaget rauk med. På eitt hus står eine veggen att. Utanfor set ein eldre mann på ein stol. Han ser rett framfor seg. Hendene kviler på staven han støttar seg på.
Dei bur i eit telt. Ytterdøra i huset på andre sida av gata er sveist att. I følgje staten Israel har huset vore nytta til planlegging av aktivitetar mot okkupasjonen. No får dei ikkje lov å bu i det.
Ei utstilling av barneteikningar. Ei jente har laga eit maleri: Soldatar som arresterar ungar på ein skuleplass. Eg tenkjer å spørje om det er til sals. Slår det frå meg.
I 2002, nokre år før tilbaketrekkinga kontrollerer 7000 ulovlege israelske busetjarar, ein halv prosent av befolkninga i Gaza 20% av jorda, les eg ein stad. Men kven spør etter rettferd?
Eg har kjent Jebril sidan han studerte ved eit palestinsk universitet på midten av 1980-talet. På 1990-talet tar han doktorgraden ved eit engelsk universitet, men reiser attende til Gaza med familien. Når eg treff dei i 2001, har dei bygd seg eit nytt hus utanfor leiren han vaks opp i. Det er eit vakkert hus, i tradisjonell byggeskikk.
Han misser han jobben ved universitetet når Hamas kjem til makta i 2006. Dvs han får framleis løn frå det Fatah-dominerte sjølvstyret på Vestbredden, men har ikkje nok kontor å gå til. Under Israel sin krig mot Gaza no i sommar vert huset familien bur i delvis øydelagt, eldste sonen skada. Israel sine granatar skil ikkje mellom Hamasfolk og andre, ikkje mellom sivile og stridande.
Utreise, 2001. I ettertid hugsar eg ikkje om dei i det heile såg på passet mitt på palestinsk side. Så går eg i ingenmannsland, kanskje eit par hundre meter. Soldaten på israelsk side ropar til meg via ein høgtalar, når eg kjem nærmare ser eg augo hans i den vesle opninga i bunkersen. Redsle. Eg viser kvitteringa frå drosjen i Gaza til sjåføren på israelsk side. Han køyrer meg til Jerusalem.
Fem år etter at Berlinmuren fall, i 1994 reiser Israel ein mur mot Gaza. Eit snautt tiår seinare startar arbeidet med ein tilsvarande muren på Vestbredden. Hausten 2009, eit slagord på ein vegg i ein by på Vestbredden: «We shall never kneel. We shall never surrender. The wall shall fall».
Gaza 2014: Meir enn 2 000 døde, over 10 000 såra, 18 000 hus heilt øydelagt, hundre tusen heimlause. Elektrisitetsverket bomba, vegar, skular – sjukehus… Nær 500 barn er mellom dei drepne. Kor mange ungar som har vorte sengevetarar igjen, kor mange som har vorte apatiske, kor mange som er traumatisert veit eg ikkje. Det vi veit er at det er langt fleire enn kva eit samfunn så øydelagt som Gaza er, vil vere i stand til å handtere. Og like vel.
I eit intervju med Mads Gilbert nyleg les eg at han drøymer om ein dag å kunne reise langs den gamle jernbanestrekninga frå Suez-kanalen i sør, langs Gaza og Israel til Beirut i nord. Gilbert snakka om respekten folk møtte kvarandre med i Gaza, om gjestfridommen han møter Om viljen til aldri å la seg knekke.
We shall never kneel. We shall never surrender. The wall shall fall.