Palestinamarkering 1. mai i Kvinnherad

Palestinakomiteen i Kvinnherad markerte 1.mai i samarbeid med Raudt og SV, og fekk Mads Gilbert til å halda foredrag på Rosendal turisthotell, etter at han hadde hatt tale for dagen i nabobygda Odda.

Meir enn 100 personar fann vegen til møtet med Mads Gilbert, og det er vi svært godt nøgde med, i ein kommune med ca 13000 innbyggjarar. Mads Gilbert var som alltid ein engasjert og optimistisk solidaritetsarbeidar for det palestinske folket, og fekk fram både tårer og pågangsmot hos tilhøyrarane. Med bilete og ord fekk han fram dei ufattelege og umenneskelege lidingane som folket i Gaza blir utsette for. Dette blir ekstra sterkt når han klarer å formidla dei umenneskelege lidingane på ein så personleg måte, som Mads Gilbert gjer, når han fortel om sine personlege venner, og viser bileter og fortel om små barn som blir lemlesta av israelske bomber, barn som blir skotne i hovudet og brystet av israelske soldatar med fullt overlegg, og bombing av sjukehus og ambulansar, og mykje, mykje meir.

Men dette var meir enn ei forteljing om lidingar. I løpet av dei 2,5 timane fekk han også mana til solidaritet og oppmoda til boikott og engasjement for solidaritet med Palestina på arbeidsplassar og boikott av Israel politisk og kulturelt. Og Palestinakomiteen i Kvinnherad fekk 10 nye medlemmer denne kvelden. Møtet fekk stor og positiv omtale i begge lokalavisene, Grenda og Kvinnheringen.

Egil Vaage
Leiar
Egil.Vaage@knett.no