Prinsipprogrammet

Vedtatt på det 34. landsmøtet mars 2022.

Prinsipprogram for Palestinakomiteen i Noreg

Innleiing

Palestinakomiteen har sidan den vart stifta i 1970 kjempa for det palestinske folket sine nasjonale rettar. Det palestinske folket utgjer 14 millionar menneske. Nær 7 millionar utanfor historisk Palestina. 5,3 millionar palestinarar bur på Vestbreidda og i Gaza og 1,7 millionar i Israel. (pr. des. 2021).

Prinsipprogrammet er den politiske plattforma solidaritetsarbeidet byggjer på.

Palestinakomiteen:

  • Meiner at Palestina i dag er okkupert av Israel (Ref: International Court of Justice, 2004), og at kampen det palestinske folket fører er ein rettferdig kamp mot ein okkupant.
  • Meiner at okkupasjonen av Palestina og fordrivinga av palestinarane har sitt utspring i sionisme, imperialisme og settlarkolonialisme.
  • Meiner at den politiske ideologien sionismen er rasistisk.
  • Meiner at Israel er ein apartheidstat i samsvar med FNs Apartheid-konvensjon og Roma-vedtektene.
  • Stør frigjeringskampen til det palestinske folket og deira rett til sjølv å bestemme.
  • Stør opprettinga av ein demokratisk stat i Palestina med like rettar for alle.
  • Stør kravet om boikott, de-investeringar og sanksjonar (BDS) av Israel, i tråd med den palestinske BDS-bevegelsen
  • Krev at okkupasjonen vert avslutta, koloniane og blokaden av Gaza oppheva, samt at dei to folkerettsstridige murane vert rivne.
  • Krev at dei palestinske flyktningane sin rett til å vende attende blir innfridd, i tråd med FN-resolusjon 194.
  • Krev at FNs Barnekonvensjon vert overhalden med tanke på fengsling av barn på okkupert område.
  • Er mot stormaktsløysingar over hovudet på det palestinske folket.

Kolonisering av Palestina

Fram til 1.verdskrigen vart palestinarane styrt av det ottomanske riket. Då omanarane tapte krigen i 1917, delte Storbritannia og Frankrike Midtausten, og Palestina kom under britisk kolonistyre.

I 1905 starta ein planmessig kolonisering av Palestina med ei lita gruppe jødar frå Europa, inspirert av den politiske og nasjonalistiske ideologien sionismen. Verdas sionistorganisasjon, oppretta i 1897, vedtok at dei ville krevje ein eigen jødisk stat i Palestina, ved å busetje seg der og gradvis ta over landet. I 1917 erklærte den engelske utanriksministeren Balfour at den britiske regjeringa såg positivt på at det «vert danna ein nasjonal heim for det jødiske folket» i Palestina. Samtidig presiserte Balfour at «ingen ting må gjerast som skadar dei borgarlege og religiøse rettane til de ikkje–jødiske samfunna i Palestina».

I 1923 erklærte Folkeforbundet Palestina som eigen stat under Britisk kontroll. Palestina var då i hovudsak eit bondesamfunn med 562 000 muslimar og kristne og 82 000 jødar. Innafor dette historiske Palestina utvikla det seg eit stadig sterkare krav om nasjonal sjølvstende.

Aukande jødisk innvandring på 20- og 30-talet gjorde det klart for palestinarane at sionistane ønskte å kolonisere heile landet og fordrive den palestinske befolkninga. Nazistane sin terror gjorde livet u-uthaldeleg for jødar i Tyskland og andre land med sterk antisemittisme. Europeiske jødar vart tvinga til å flykte og det auka og immigrasjonen til Palestina.

Denne truande utviklinga førte til auka motstand frå palestinarane og til væpna frigjeringskamp i perioden 1936 – 39. Opprøret vart slått hardt ned av den britiske kolonimakta, støtta av sionistiske terrorstyrkar. Ti prosent av den mannlege palestinske befolkninga, og leiinga for det nasjonale opprøret, vart drepne eller sendt i eksil.

FN 1947 – ein reiskap for kolonialisme, sionisme og rasisme.

Den brutale undertrykkinga av jødar, før og under siste verdskrigen (Holocaust), la press på den engelske kolonimakta om at dei måtte opne for større jødisk immigrasjon til Palestina. Dette avviste den palestinske befolkninga. England, som var kraftig svekka etter krigen overlèt spørsmålet om Palestina si framtid til FN i 1946.

Trass i motstand frå land som ikkje var under vestleg kontroll, vedtok FN 29.november 1947, med knapt fleirtal, resolusjon 181. Palestina vart delt i tre, ein arabisk del, ein jødisk del og Jerusalem som internasjonal by, styrt av FN. Vedtaket om deling av Palestina over hovudet på folket var eit grovt brot på prinsippet om folk sin rett til sjølv å bestemme. FN gjekk inn for at jødane, som utgjorde om lag 30 % av befolkninga og berre eigde 7 % av landet skulle tildelast 56 % av arealet. Vedtaket ble møtt med sterke protester frå palestinarar og den arabiske verda.

Frå vinteren 1947 til sommaren 1949 gjennomførte dei sionistiske, væpna styrkane brutal etnisk reinsking av Palestina. Den 14.mai 1948 vart staten Israel proklamert, og om lag 750 000 palestinarar vart fordrivne frå det som vart den nye staten. Storparten av det palestinske folket vart tvinga til å leve som statslause flyktningar i andre land.

Med krigane i 1948-49 og 1967 utvida Israel sitt territorium til heile det historiske Palestina.

Frigjeringskampen

I 1964 vart PLO, Den palestinske frigjeringsorganisasjonen, skipa. Inspirert av frigjeringskampane i Algerie og Vietnam, starta PLO væpna motstand mot Israel. PLO var ein einskapsfront av mange motstandsorganisasjonar. PLO sitt mål var å byggje ein demokratisk stat i Palestina for alle som budde i landet, uansett religiøs eller etnisk bakgrunn.

1982 gjennomførte Israel ein brutal invasjon i Libanon med det for auga å knekke PLO. Organisasjonen vart tvinga til å gje opp den væpna motstanden og flytte basen til Tunis. Nederlaget betydde ei kraftig svekking av PLO. Men det palestinske folket held fram kampen. I 1987 starta eit spontant folkeleg opprør i dei okkuperte områda, den første intifadaen.

Mellom anna for å stanse intifadaen lanserte Israel, med hjelp frå Noreg, i 1993 den såkalla Oslo– avtalen, som tvang PLO til å gje opp kampen for eit fritt Palestina i byte mot sjølvstyre på
Gazastripa og på deler av Vestbreidda. Osloavtalen har sementert okkupasjonen, auka koloniseringa og oppsplittinga av Vestbreidda og hindra palestinarane sin fridomskamp. Noreg ber eit stort ansvar for den ulukka avtalen har ført med seg.

Vestbreidda, Aust-Jerusalem og Gazastripa er i dag etter internasjonal rett okkupert, og kampen det palestinske folket fører er ein rettferdig kamp mot ein okkupant. Så lenge Israel sin okkupasjon blir akseptert av USA og deira vestlege allierte, kan det palestinske folket ikkje vente seg rettferd utan at dei sjølv gjer opprør (intifada). Palestinakomiteen stør det palestinske folket sin rett til væpna motstand i samsvar med folkeretten.

Stormaktene sine imperialistiske interesser

Imperialismen handlar om kontroll over og utbytting av andre land. Midtausten er eit økonomisk og militært strategisk viktig område. Kontroll over dette området har alltid vore viktig for stormakter som vil dominere verda. Den sionistiske settlar-kolonialiseringa av området vart støtta av stormaktene som etter 2. verdskrig såg seg tent med at Israel vart eit fotfeste for deira interesser i Midtausten.

I alle år seinare har USA og Vesten støtta staten Israel mot det palestinske folket og milliardar av dollar er overført i økonomisk og militær hjelp. Palestinarane har hatt brei støtte frå eit stort fleirtal av verdas land og folk, men USA har blokkert ei rad vedtak i Tryggingsrådet. Dei vel dokumenterte brota på ei rekkje FN-vedtak og internasjonale lover, og brota på menneskerettane frå den israelske okkupantmakta har ikkje ført til sanksjonar mot Israel frå verdssamfunnet.

Noreg og Israel

Noreg har sidan Israel vart skipa støtta det sionistiske statsprosjektet. Både private verksemder og staten gjennom Pensjonsfondet stør Israel med store investeringar, og gjennom handel med våpen og militært utstyr. Gjennom Middelhavsdialogen har norsk militærvesen øvingar saman med dei israelske okkupasjonsstyrkane, trass aukande internasjonal fordømming av Israels apartheidpolitikk.

Noreg leier den såkalla Giverlandsgruppa som gjennom årlege milliardoverføringar bidreg til finansiering av ein palestinsk administrasjon (PA), som i dag fungerer på Israels nåde. Overføringane er eit viktig bidrag til Israels økonomi fordi ein stor del av overføringane til PA vert nytta til kjøp av varer og tenester i Israel.

Fordøm rasisme og antisemittisme

Jødisk historie i Europa har vore ein historie om antisemittisme, undertrykking og forfølging. Antisemittismen la grunnen for ideen om at jødar måtte ha sin eigen stat. Folkemordet på den jødiske befolkninga i Europa under andre verdskrigen styrka kravet om ein jødisk stat. Etter opprettinga av staten Israel og fordrivinga av palestinarane vart og jødar i arabiske land utsett for forfølging.

Palestinakomiteen meiner at sionismen som ideologi fører til ein rasistisk praksis. Mens Israel i strid med FN-resolusjon 194 nektar palestinske flyktningar å returnere, kan ein kvar person med jødisk bakgrunn få statsborgarskap i Israel. Dette kjem klarast til uttrykk i lova om tilbakevending og lova om statsborgarskap, lover som gir ein kvar jøde rett til å busette seg og få statsborgarskap i landet. Samstundes vert palestinarar som har budd i landet i generasjonar statslause. Frå Aust-Jerusalem vert palestinarar pressa ut med alle middel, mellom anna ved at dei mistar bu- og opphaldsløyve. I den sionistiske staten kan berre jødiske innbyggarar få fulle rettar, noko som vart ytterlegare stadfesta med den israelske Nasjonalstatslova vedtatt i 2018.

Palestinakomiteen er motstandar av all undertrykking og diskriminering. Det er viktig å skilje mellom sionisme og jødedommen. Sionismen er en rasistisk ideologi, som meiner at Israel skal vere ein eksklusiv stat for jødar, mens antisemittisme er forfølging av jødar. Derfor er det ei viktig oppgåve for Palestinakomiteen i Noreg å kjempe mot antisemittisme. Sidan sionistane har som taktikk å møta rettmessig kritikk med skuldingar om antisemittisme, er det og viktig å sjå̊ om skuldingane er falske.

Okkupasjon og apartheid

Israel har vist brutal framferd mot palestinarane i fleire krigar; seksdagarskrigen i 1967, i Libanon, på Gazastripa og på Vestbreidda. Gazastripa er isolert frå omverda sidan 2007, ved ein total økonomisk blokade, der eksport og import er sterkt avgrensa og det vert umogleg å byggje ein sjølvstendig palestinsk økonomi. Her lever palestinarane som i eit stort, ope fengsel. På Vestbreidda splittar apartheidmuren og dei israelske koloniane med sine vegar, landet i små̊ område som ikkje heng saman.

Israel har tatt kontroll over vassressursane, og i den grøderike Jordandalen blir det produsert varer for israelske landbruksverksemder. Israel flyttar, i strid med folkeretten stadig fleire folk og verksemder inn i områda okkupert i 1967. Palestinarar vert fengsla utan lov og dom. Israel erkjenner ikkje ansvaret sitt for at millionar av palestinarar er skilt frå kvarandre på Vestbreidda, Gazastripa og i flyktningleirane i Midtausten. Palestinarane både i Israel og i okkuperte område blir utsette for systematisk forskjellsbehandling. Dette har seinast vorte dokumentert av Human Rights Watch og Amnesty International som dokumenterer at staten Israel har innført eit system som samsvarar med dei internasjonale juridiske definisjonane av brotsverket apartheid.

For palestinsk einskap

Den palestinske frigjeringskampen har vore ført av ulike frigjeringsorganisasjonar som alle har vore samla i PLO. Oslo-avtalen førde til økt splitting mellom dei som støtta avtalen og dei som var imot. Etter at Hamas vann det demokratiske valet i dei okkuperte områda i 2006, er motsetningane mellom frigjeringsorganisasjonane kraftig skjerpa. Blokade og sanksjonar gjennomført av Vesten og Israel har bidratt til at motsetningane har auka ytterlegare. Palestinakomiteen ønskjer ikkje å gå inn i denne konflikta ved å ta stilling for den eine parten mot den andre. Vi stør det palestinske folket og deira rett til å velje sine eigne leiarar, og vi tek avstand frå USA, Israel og Vesten si stempling av den demokratisk valde leiinga som terroristar. Splittinga i det palestinske folket, særleg splittinga mellom Fatah og Hamas, tener berre okkupanten.

Palestinakomiteen stør tiltak som kan styrke palestinarane sin einskap og sjølvstende. Palestinarane treng ein organisasjon som kan samordne kampen for fridom i dei okkuperte områda, i Israel og i flyktningleirane elles i Midtausten. Det er viktig at PLO kan bli ein samlande organisasjon for alle palestinarane.

Fritt Palestina- Internasjonal solidaritet

Palestinakomiteen i Noreg stør ei kvar endring i retning av fridom og sjølvstende for dei som i dag lever under okkupasjon og apartheid. Ei avvikling av dei ulovlege jødiske koloniane i dei okkuperte områda og retten for alle palestinske flyktningar til å vende tilbake høyrer med mellom viktige føresetnader for ei løysing. Ei langsiktig, fredeleg løysing er først mogeleg den dagen det palestinske folket vert innrømma fulle nasjonale rettar. Alle innbyggjarane i området må̊ garanterast like rettar uavhengig av religiøs eller etnisk gruppe. Den ekspansive, sionistiske og rasistiske ideologien som staten Israel er tufta på, må̊ bekjempast for at alle skal kunne leve fredeleg i lag. Det palestinske folket må̊ sjølv avgjere korleis dei best kan realisere sine nasjonale rettar.

FN vedtok deling av Palestina og var slik med på å skape undertrykking, kolonisering og apartheid. FN har difor eit særskilt ansvar for å bidra til ei løysing og for tryggleiken til det palestinske folket.

I 2005 gjekk palestinsk sivilsamfunn saman og starta bevegelsen for Boikott, de-investeringar og sanksjonar (BDS) av Israel til okkupasjonen vert oppheva og Israel etterlever internasjonal lov, palestinarar og israelske jødar innanfor staten Israel får like rettar og til flyktningane har fått oppfylt retten til retur. Palestinakomiteen stør BDS-bevegelsen og den internasjonale solidaritetsbevegelsen som kjempar for palestinarane sine rettar.

Israelske styresmakter og lobbyorganisasjonar freistar å jamstille kritikk av Israel og kravet om BDS med antisemittisme. Dette er eit forsøk på å kneble den breie, ikkje-valdeleg motstand frå den palestinske grasrota og den internasjonale solidaritetsbevegelsen. BDS-bevegelsen veks internasjonalt og er ein viktig del av det internasjonale solidaritetsarbeidet. Palestinakomiteen i Noreg vil arbeide for at det norske folket og norske styresmakter stør det internasjonale arbeidet for eit fritt Palestina.